Tapiocapudding

16 Flares Twitter 1 Facebook 15 Pin It Share 0 Filament.io 16 Flares ×
Print Friendly

Tapioka er eit biprodukt frå rota til Cassava-planten. Den fungerer enkelt og greit som stivelse og har ingen smak. I Noreg er det meir vanleg å bruke sagogryn enn Tapiokaperler. Begge deler kan kjøpast som perler og ser like ut, men er laga på forskjellig måte. Tapioka kjem som sagt frå rota til Cassavaplanten som veks i Sør-Amerika og sagogryn er produsert av sevjen i sagopalmen som veks m.a. i Øst-India og på New Guinea.

Tapioka collage

Eg hugsar at vi åt Tapiocapudding då eg jobba i Santa Cruz, California, og har alltid hatt lyst å lage det. No har vi fått ein super butikk på heimstaden min som sel varer heile verda og der fann eg Tapiocaperler! Det er vanleg å få tak i Tapiocaperler i innvandrarbutikkar.

Det viktigaste å hugse på når du skal lage Tapiocapudding er at dei små perlene må ligge i vatn i 12-18 timar i førevegen. Du må altså planlegge godt når du skal lage denne desserten! Puddingen er søt på smak og har ein lett og luftig konsistens.

Tapioka

Dette treng du (nok til 6 personar):

1/2 kopp tapioka (små, kvite perler)

4 koppar H-mjølk

1 ss ekte vaniljeekstrakt (eller 1 ss vaniljesukker)

1 kopp sukker

1/2 ts salt

1 heilt egg

3 eggeplommer

 

Slik gjer du det:

  • Ha Tapiokaperlene i ei skål og slå kaldt vatn til alle perlene er godt dekt. Dekk til med plastfolie og la perlene trekke i minst 12-18 timar. Når du skal bruke dei, slår du alt i ei sil og la alt vatnet renne av. Set perlene til side.
  • Ta ein stor kjele og bland mjølk, vaniljeekstrakt, halvparten av sukkeret og salt. Sett til side. Ha det heile egget og dei tre eggeplommene i ein stor bolle og bland godt. Slå forsiktig i resten av sukkeret , litt og litt, rør godt heilt til sukkeret er oppløyst. Bruk gjerne miksmaster og pisk i tre-fire minutt til du får ein lys gul og luftig eggedosis. Sett til side.
  • Sett kjelen med mjølkeblandinga på omnen og rør godt medan du let blanding nærme seg kokepunktet. Bruk lav varme og masse tolmodigheit! Med ein gong du ser dei fyrste kokeboblene, tek du kjelen av varmen. Slå mjølkeblandinga forsiktig over i eggedosisen, litt og litt,  medan du heile tida piskar godt med miksmasteren.
  • Når mjølka og eggedosisen er godt blanda, slår du blandinga tilbake i kjelen. Tilsett Tapiokaen. Rør heile tida medan blandinga får kose seg på lav varme. Medan du rører vil du sjå at blandinga tjuknar. Blandinga skal ikkje koke, men kan nærme seg kokepunktet. Du veit at puddingen er ferdig når dei små perlene er gjennomsiktige, med berre litt «cloudiness» midt i perla. Slå blandinga over i porsjonsskåler eller ei stor skål. Dekk med plastfolie og set i kjøleskapet. Puddingen ser kanskje litt rennande ut, men når den får kjøle seg ned vert det fast i forma. Den må stå i kjøleskapet i minst to timar før du serverer.
  • Server gjerne med ei blanding av sommarbær og sommarfrukt. Puddingen er søt i smaken, så noko friskt ved sidan av gjer susen!

Tapioka collage1

Tapioka1

 Sidan det var første gong eg laga dette, så var eg svært spent på om smaken var slik eg hugsa den og om det svært så kritiske testpanelet ville like det dei fekk servert. Tilbakemeldingane var udelt positive:

«Meir, meir, meir, tante!!!» (tantegull, to år)
«Denne desserten hadde det vore heilt perfekt å avslutte ein trerettar med!» (svigerinne)
«Nydeleg god på smak, kjekt å smake noko heilt nytt. Var ikkje som alle andre puddingar.» (kjærasten)
«Den var nydeleg god, berre smelta på tunga!» (kjærasten)
«Kan du lage dette i morgon også, mamma?» (frøken Spjåk, seks år)
«Eg hadde ikkje vorte overraska om eg fekk servert dette på ein fin restaurant!» (svært kjekk svigerinne)

Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Frukt, Ukategorisert | Tagged , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Tapiocapudding

  1. Bente sier:

    mmmmmmmmmm, tusen takk for en herlig oppskrift. Min yngste sønn krever at det ikke er siste gang jeg lager denne 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *