Tomatsuppe eller tomatsaus?

3 Flares Twitter 1 Facebook 2 Pin It Share 0 Filament.io 3 Flares ×
Print Friendly

Her er det sjølvsagt berre eitt svar; JA TAKK – BEGGE DELER! Det er nemleg slik at dersom du lagar ein raus porsjon med tomatsuppe (og JA, vi snakkar heilt heimelaga!), så har du forhåpentlegvis litt suppe att som du seinare kan bruke som basis til ein fantastisk god tomatisert pastasaus! 

Om du vil prøve noko av dette, treng du oppskrifter på følgande (klikk på lenkja for å kome rett til oppskrifta):

tomatsuppe

 

For å få tomatlukka til å strekke seg over to middagar, må du gjere følgande:

  • Lag tomatsuppe til middag, bruk gjerne oppskrifta du finn her. Du kan godt doble den, slik at du er heilt sikker på at du har nok til tomatsaus dagen etterpå. Dersom du ikkje doblar, vil suppa vere nok til fire personar. 
  • Slik gjer du det med restane etter suppa: dersom du skal lage tomatsaus neste dag, så er det nok å sette suppa til kjøling i kjøleskapet. Dersom du ikkje er heilt sikker på kva tid du skal lage tomatsaus, så har du suppa i ei isboks og puttar den i frysaren. Den kan stå mange månadar i frysaren! 

Slik gjer du for å lage ein smakfull og god tomatsaus:

  • Dersom du har trykkokar, vil eg så absolutt anbefale at du brukar den! Om du ikkje har trykkokar, brukar du ein heilt vanleg kjele. Det vi vil oppnå er å redusere tomatsuppa, dvs at mykje av væska dampar vekk og så sit vi att med ei tjukkare utgåve av suppa – men med ein herleg, kraftig og intens smak. 
  • Ta ønskt mengd tomatsuppe og ha det i kjelen/trykkokaren. I trykkokar kan tomatsausen putre i veg i om lag 30 min (sjekk etter 30 minutt, kok meir om du vil ha sausen tjukkare). I kjelen let du alt småkoke til sausen får den konsistensen du ynksjer. Dette kan ta litt meir tid, kanskje treng du 1-2 timar! Det er kanskje tidkrevjande, tenkjer du, men smaken du sit att med er så absolutt verdt ventinga! 
  • Før servering kan du tilsette litt meir kvitløk (fersk kvitløksmak i sausen er absolutt best), ferske krydderurter etc

Kva kan denne sausen brukast til?

Sausen kan brukast til det meste, men her i huset brukar vi den oftast til pizza eller til italienske kjøtbollar. Sausen kan også brukast rett på pasta med masse riven parmesan! Eg brukar den også i botnen av ei eldfast form når eg har ovnssteikt torsk. Til kjøtbollar smakar det sjølvsagt best med fersk riven parmesan over! Prøv deg fram – kankje kjem du på andre bruksområde?

kjøtbollar

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Pasta, Pizza, Supper | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *