Biffsalat for travle dagar

3 Flares Twitter 1 Facebook 2 Pin It Share 0 Filament.io 3 Flares ×
Print Friendly

I dag kjem eg med eit lite middagstips for dagar når endane ikkje møtest, når maten må inntakast fort og samstundes vere sunn og god. Biffsalat lagar eg etter «bruk det du har»-prinsippet, så ei nøyaktig oppskrift er det vanskeleg å  gi. Det fine med denne retten er at ein får vise at biff kan etast utan bernaisesaus og pommes frites.

Biffsalaten er også super som lunsjmat ein varm sommardag, kveldskos for gode klubbvenninner eller ein vil ha ein fin kveld i lag med kjærasten. Server gjerne ein god rødvin til.

Der er mykje godt kjøt å få kjøpt som eignar seg godt til grilling eller til som du kan bruke om du vil lage biffsalat. Særleg godt likar eg Gilde sine «Grill-Gilde»-produkt. Mykje spennande å finne der om ein treng mat i ein fei!

Eg har skrive opp kva ingrediensar eg brukte, og så kan du kanskje la deg inspirere til å lage din eigen vri!

Biffsalat

 Du treng:

Nok biff til så mange personar som du skal lage mat til

Kinakål    Rødløk    Gulrot    Reddik    Tomat    Fetaost (fersk)     Blomkål

Steik biffen i panna til du får den så steikt som du likar den. Den kan godt vere litt rosa i midten. La den kvile på ei fjøl før du skjær i den.

Kutt opp ingrediensane; riv gulrota på eit fint rivjern, skjær reddik i tynne skiver, riv opp fetaosten.

Bland salaten og legg på fat.

Skjær opp biffen i skrå skiver, passe tjukke. Legg dei på toppen av salaten.

Biffsalat1

 Server gjerne med godt brød. Tips til korleis du kan gjere brødet litt spennande:

  • Ha godt med olje på begge sider av brødskivene, steik dei i varm panne på begge sider (skal bli sprø og gylne), del eit kvitløksfedd på langs og gni det over brødet når det er ferdig steikt.

Biffsalat3

 Det smakar også godt med kryddersmør på toppen av biffen. Om du har lyst å prøve å lage det sjølv, så finn du inspirasjon til det i dette innlegget. Eg ser at ein kan få kjøpt ferdige krydderblandingar til kryddersmør og har prøvd nokre av dei. Eg var på ingen måte begeistra for smakane. Om du les kryddersmøroppskrifta mi, så ser du at dette lagar du like enkelt sjølv.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Sommarmat | Tagged , , , | 1 Kommentarer

One Response to Biffsalat for travle dagar

  1. Torill sier:

    Takk for tips, her vert biff fortært ofte på laurdagane. Er litt lei biff, pommes frites og bernaise. Eg er meir ein salattype, så dette må prøvast. God sommare vidare til deg og dine

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *