Heimelaga is – rein nytelse (basisoppskrift)

27 Flares Twitter 1 Facebook 26 Pin It Share 0 Filament.io 27 Flares ×
Print Friendly

logoSunnmøringane går ei varm veke i møte, så kva smakar vel då betre enn god, heimelaga is! Denne oppskrifta er frå arkivet og vart fyrste gong publisert for eitt år sidan. Dette innlegget er skrive som ein del av mitt samarbeid med haugenbok.no. Meir om dette samarbeidet kan du lese om her.     

OK – så vart eg hekta. Ein gong prøvde vi den, og vi vart absolutt hekta! Eg kjøpte meg nemleg ismaskin i går og har kosa meg med Eyvind Hellstrøm si bok; «Iskremfabrikken» i dag. Etter å ha lese litt att og fram fann vi ut at vi skulle prøve å lage ein heilt «vanleg» is. Ungane ville laga både det eine og det andre, men vi enda opp med å lage Hellstrøm sin vaniljeiskrem.

Det går sikkert an å lage denne isen utan ismaskin, men det er meir tungvint. Og så går det heilt sikkert an å bytte ut sukkeret med anna søtingsmiddel (folk med diabetes er også glade i is!).

Dette treng du:

5 dl heilmjølk

2,5 dl kremfløte

200 g sukker

6 eggeplommar

1 eller 2 vaniljestenger

Slik gjer du det:

Del vaniljestengene på langs og skrap ut alle frøa. Kok opp mjølk, fløte, vaniljestengene og frøa. Ta kjelen til side med ein gong det har kokt opp, sett på lokk og la det trekke i 20 minutt.

Pisk egg og sukker til eggedosis. Tilsett mjølk- og vaniljeblandinga i eggedosisen under omrøring. Ta denne blandinga over i ein kasserolle og varm opp til ca 80 grader under omrøring til det har tjukna litt. Dersom du ikkje har termometer, så er er det 80 grader rett før den fyrste kokebobla kjem. Ta den av plata når du ser små krusningar i overflata. Blandinga må ikkje koke.

Sil blandinga over i ein bolle og avkjøl. Isblandinga må vere heilt kald før du har den i ismaskina.

Når ismassen er kald, slår du den rett i ismaskinen. Nokre maskiner kontrollerer når isen er ferdig, viss ikkje så står maskinen og går til du får den konsistensen du vil ha. Min is stod i om lag 40-50 minutt og så fekk den stivne litt ekstra ei lita stund i frysaren.

heimelaga is

Visste du dette?

På 1920-talet fekk immigrantane på Ellis Island i New York servert vaniljeiskrem som ein del av eit «Welcome to America»-måltid. Mange trudde det var smør og prøvde å smøre iskremen på brødet!

Slik såg det forresten ut «bak kulissene» då eg tok bilete av isen i kveld. Eg tok med meg ein Ikea-krakk, ein duk, ein spegel (for å fange litt meir lys), nokre blomar, kamera og sjølvsagt; isen! Vi har ein gammal fjøs på tunet og krakken vart plassert inntil favorittdøra mi. Den er gammal og maling flassar av, men så full av minner om ei tid som var. Eg er så glad i den duse grønfargen!

Fjøsdøra var ein gong mykje i bruk. Dei hadde sauer på garden her. Og sau. Og oksar. No er det tomt i fjøsen, men draumen er å nok ein gong kunne fylle fjøsen med liv og røre! I løpet av sommaren skal døra slipast ned og malast på nytt.

Boka «Iskremfabrikken» er skriven av Eyvind Hellstrøm og Jan Hellstrøm. Dei to er brør og har vakse opp med ein onkel som hadde isfabrikk i Moss; » Frisk-O-Go». I barndomen og ungdomen vart mesteparten av fritida tilbragt på fabrikken hos onkelen, der dei både fekk hjelpe til i produksjonen og med levering. «Vi var alltid bleke og luktet vanilje», har Eyvind Hellstrøm sagt om oppveksten sin.

Anten du har ismaskin eller ikkje; denne boka treng du i samlinga di! Du får kjøpt på haugenbok.no . Klikk på denne lenkja for å kome direkte til boka.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Egg, haugenbok.no, Sommarmat, Søtt og godt | Tagged , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *