Kryddersmør
Eit godt kryddersmør kan løfte mang ein rett. Det aller betste kryddersmøret lagar du sjølv, med få og enkle ingrediensar. Om du vil ha god smak, er nøkkelen å bruke godt smør!
Desse ingrediensane treng du:
- Kvitseid smør eller Tine meierismør, 1 pk
- Ketchup
- Ulike sortar krydder (t.d. grillkrydder eller anna krydder du likar)
- Paprikapulver
- Svart pepar
Slik gjer du det:
- Ha romtemperert smør i ei skål (dersom du tek det rett frå kjøleskapet kan du ha det på tineprogram i mikoen til det blir passe mjukt).
- Ha i ca to ts ketchup, krydder, paprikapulver og pepar – i passelege mengder. Rør godt.
- Legg plastfolie på benken og fordel smøret i ei remse på midten.
- Brett så plastfolien stramt over og rull saman.
- Vri endane når du er ferdig og legg den til avkjøling i kjøleskapet.
- Før servering tek du det ut av kjøleskapet og lagar fine skiver medan smøret er kaldt. Om du ikkje brukar alt på ein gong, så må du gjerne ha det liggande i kjøleskapet. Om du pakkar det godt inn, kan det halde seg lenge i kjøleskapet.
Kryddersmøret kan du bruke til alt slags grilla kjøt, du kan ha det på nykokt pasta, smøre det på rista brød og du kan endå til bruke pittelitt om du grillar fisk. Krydderet du har i kan sjølvsagt varierast – bruk det du likar eller det som passar maten best!
Pingback: Biffsalat for travle dagarPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål