Lunsjmuffins
I dag får du eit sunt og godt alternativ til lunsjmat! Det er mange år sidan eg laga lunsjmuffins for fyrste gong. Oppskrifta vart presentert i eit program på TV der folk med usunne matvanar skulle få enkle tips til korleis dei kunne lage ein sunn og god nistepakke eller middagsmat. Dei som fekk hjelp i det programmet eg såg, var nokre ambulansesjåførar som stort sett kjøpte maten dei åt på bensinstasjonar. Desse muffinsane vart presentert til dei som eit sunt, godt og supert alternativ til usunn bensinstasjonsmat. Oppskrifta går også under namnet “Ambulansepizza”.
Dette treng du til sjølve deigen:
(nok til 20-22 store muffins)
8 dl grovbakstmjøl
3 toppa ts bakepulver
2 ts salt
4 egg
1 stort beger Biola naturell (4 dl)
3 ss olivenolje
Dette treng du til fyllet:
1 stor løk, finhakka
200 g riven mozzarellaost (du kan evt bruke fetaost i bitar)
12-15 soltørka tomatar, i olje (marinerte), i små bitar
100 g svarte oliven, i små bitar
Slik gjer du det:
- Set omnen på 200 grader varmluft.
- Ha alle ingrediensane til deigen i ein bakebolle – bland godt.
- Ha i løk, soltørka tomat, oliven og ost – bland alt godt inn.
- Fordel deigen i store muffins former.
- Steik midt i omnen i 20-25 minutt. Dei er ferdige når dei har fått fin og gyllen brunfarge.
Muffinsane er supre til lunsj eller til ein rask middag, gjerne med god salat til. Dei eignar seg godt til frysing og då kan du ta med deg lunsj rett frå fryseboksen og så er dei tint til du skal ete lunsj eller middag.
Lunsjmuffinsane er næringstette, fiberrike og har hjartegodt feitt. To-tre stk skal halde på mettheitskjensla di til neste måltid.