Lunsjmuffins

21 Flares Twitter 1 Facebook 20 Pin It Share 0 Filament.io 21 Flares ×
Print Friendly

I dag får du eit sunt og godt alternativ til lunsjmat! Det er mange år sidan eg laga lunsjmuffins for fyrste gong. Oppskrifta vart presentert i eit program på TV der folk med usunne matvanar skulle få enkle tips til korleis dei kunne lage ein sunn og god nistepakke eller middagsmat. Dei som fekk hjelp i det programmet eg såg, var nokre ambulansesjåførar som stort sett kjøpte maten dei åt på bensinstasjonar. Desse muffinsane vart presentert til dei som eit sunt, godt og supert alternativ til usunn bensinstasjonsmat. Oppskrifta går også under namnet «Ambulansepizza». 

lunsjmuffins1

 

Dette treng du til sjølve deigen:

(nok til 20-22 store muffins)

8 dl grovbakstmjøl

3 toppa ts bakepulver

2 ts salt

4 egg

1 stort beger Biola naturell (4 dl)

3 ss olivenolje

Dette treng du til fyllet:

1 stor løk, finhakka

200 g riven mozzarellaost (du kan evt bruke fetaost i bitar)

12-15 soltørka tomatar, i olje (marinerte), i små bitar

100 g svarte oliven, i små bitar

Slik gjer du det:

  • Set omnen på 200 grader varmluft. 
  • Ha alle ingrediensane til deigen i ein bakebolle – bland godt.
  • Ha i løk, soltørka tomat, oliven og ost – bland alt godt inn. 
  • Fordel deigen i store muffins former. 
  • Steik midt i omnen i 20-25 minutt. Dei er ferdige når dei har fått fin og gyllen brunfarge. 

lunsjmuffins2

 

Muffinsane er supre til lunsj eller til ein rask middag, gjerne med god salat til. Dei eignar seg godt til frysing og då kan du ta med deg lunsj rett frå fryseboksen  og så er dei tint til du skal ete lunsj eller middag. 

Lunsjmuffinsane er næringstette, fiberrike og har hjartegodt feitt. To-tre stk skal halde på mettheitskjensla di til neste måltid. 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Smårettar | Tagged , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *