Eg – ein humlevenn!

91 Flares Twitter 2 Facebook 89 Pin It Share 0 Filament.io 91 Flares ×
Print Friendly

Sjå for deg ein varm og fin sommardag. Du ligg i solsteiken  og nyt ein etterlengta fridag. På kjøkkenbenken står eit sukkerbrød og kjøler seg ned. Du har invitert gjestar og skal servere bløtkake med ein symfoni av sommarmodne bær. Du har likevel tid til å slappe av litt til. Alt er gjort klart og på det fint dekka bordet bugnar det av blomar frå hagen.

Rett før gjestane kjem piskar du kremen, fyller kaka med vaniljekrem og rørt jordbærsyltetøy og pyntar med alle bær du har fått tak i. Kaka blir utruleg fargerik og flott! Du set kaka på bordet, festar ein prestekrage i håret og sender ei takk til kjærasten for at han har stelt så godt med hagen at du raust kan hauste bær, blomar og frukt.

Men det var ikkje kjærasten sine grøne fingrar du skulle takke. Du skulle takke humla. Utan humler hadde hagen vore eit trist syn. For visste du at humla er ein utruleg viktig pollinator for frø, frukt, bær og grønsaker? Visste du at humla er utrydningstruga? Det vert stadig færre humler og bier, noko som er eit alvorleg problem som vi må ta innover oss. Det kan vere fleire grunnar til det;  mellom anna bruk av  sprøytemiddel, både i private hagar og i landbruket. Mindre frukt og bær i hagen din kan rett og slett vere ein konsekvens av at der er færre polinerande insekt i hagen din.

humlecollage

Alle som er glade i god mat, vakre blomar og saftig frukt og bær, bør vere med i kampen om å redde humla! Norges største hageblogg, «Moseplassen», har utfordra bloggarar til å engasjere seg. Eg har vorte utfordra av min gode matbloggkollega Trine, med Norges største matblogg, «Trines matblogg», om å skrive eit innlegg om humla. På bloggen sin skriv Trine mellom anna:

«Man behøver ikke å være matnerd for å skjønne at humler og bier er viktige brikker i økosystemet, og dersom de blir borte kan det medføre mindre tilgang til godsaker som epler, pærer og deilige jordbær. På sikt kan dette også føre til dramatisk økning av pris på bl. a. sjokolade og kaffe, for eksempel.»

Om eg kan vere med på å berge humla, så vil eg meir enn gjerne det! Om du også vil verte ein humlevenn, kan du gjere som meg: 

  • Gå inn på Hageselskapet si heimeside og les meir om humlevennlege hagar. Velg deg ti planter som er humlevennlege, gå til innkjøp av planter/frø og lag deg ein liten «humlehage».  Hageselskapet si liste over humlevennlege planter finn du her.
  • Unngå å bruke sprøytemiddel i hagen din.
  • Fortel ein nabo eller god ven om kva som skjer om humla vert utrydda og oppmod dei om å verte ein «humlevenn».
  • Gå inn på facebook og lik sida «La Humla Suse». Sida finn du her.
  • Gå inn på facebook og lik kampanjen «Summende hager. Sida finn du her.
  • Om du har blogg, uansett sjanger, skriv eit innlegg om humlene!
  • Om du har barn, barnebarn, tanteungar eller naboungar, så kan det å plante ein humlehage vere ein fin og samlande aktivitet for store og små.

Miljøverndepartementet og Hageselskapet har laga ein informativ og fin film til kampanjen «Summende hager». Sjå videoen under:

I kampen for å berge humlene (visste du forresten at vi har 34 humleartar i Noreg?), vil eg gjerne få utfordre fire bloggarar som eg trur vil vere med i kampen. Desse tre bloggarane må skrive eit innlegg på bloggen sin og sjølv verve tre nye. Desse vert utfordra:

Min gode matbloggkollega, Ingunn, med bloggen «Min middag». Ingunn er oppteken av alt som veks og gror – eg er heilt sikker på at ho vil verte ein god humlevenn!
Silje  med bloggen «Silje sin» har ein fantastisk fin hage. Ho har sikkert mange humlevennlege planter i hagen sin allereie, men eg ser for meg at ho og dei tre skjønne ungane hennar kan bli med i kampen om å berge humla!
Liv  med bloggen «Livs Lyst» er glad i «det gode liv» og får lesarane sine til å drøyme om blomsterenger, gamle frukttre og tida som ein gong var. Ho er oppteken av det gode liv på landet og har kjøpt eit gammalt gardsbruk i Telemark som ho og mannen er i gang med å restaurere. Vil du ta i eit tak for humla, Liv?
Line Anita med «Storemyras matblogg» er ei kreativ dame som eg har kjent frå barnsbein av. Eg trur humlene hadde likt seg hos deg, Line – tek du utfordringa mi og blir med i kampen for humlene?

humle

 (biletet har eg lånt her)

Ta gjerne turen innom «Moseplassen» for meir informasjon om humlekampanjen.

Vi kan alle vere med på å hindre at «Humlens flukt» blir ein realitet i ytterste konsekvens! Ikkje la humlene flykte – vi vil ha dei i hagane våre og sørge for at dei får halde fram med å vere ei vesentleg og viktig brikke i økosystemet vårt!

Blir du med?

humle1

(biletet er lånt her)


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Tips og idèar | 2 Kommentarer

2 Responses to Eg – ein humlevenn!

  1. Hei Tove 🙂
    Så flott at du tok utfordringen og er med og blogger om humla! Veldig fint innlegg, slike som deg og de over 70 andre bloggerene som er med nå sprer virkelig både kunnskap og inspirasjon og når rett hjem til folk.

    Jeg ser at du ikke har lagt ditt blogginnlegg inn i lenkesamlingen i utlysningsteksten for humleutlysningen, så da har jeg lagt deg inn der nå, så kan andre humleengasjerte finne frem til deg.

    Anne 🙂

  2. Trude sier:

    Ja, jeg vil gjerne bli en humlevenn! Jeg skal selv skrive om dette i et blogginlegg i løpet av sommeren. Jeg synes det er kjempefint at matbloggere også skriver om «samfunnstemaer» og ikke bare sous vide og vaniljekremer. Takk for svært interessant lesning.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *