Glasert sommarskinke

7 Flares Twitter 2 Facebook 5 Pin It Share 0 Filament.io 7 Flares ×
Print Friendly

På Sunnmøre let våren vente på seg og vi må berre leve med at snøen dalar ned. Ein måte å overleve det trasige vèret er å lage god mat. Dersom du ikkje er så heldig at du skal i konfirmasjon i helga, så har eg eit tips til ein herleg søndagsmiddag som er enkel å lage og som smakar litt sommar og varme! 

Sirupsglasert sommarskinke – herleg søndagsmiddag!

Hovudingrediensen i middagen er kokt sommarskinke. Som tilbehør kan du ha poteter, ein god saus og ein miks av herlege grønsaker. Du kan bruke tradisjonelle grønsaker som gulrot, brokkoli og blomkål – eller vere meir kreativ og plukke spennande grønsaker som du sjeldan har smakt! 

sommarskinke1

Dette treng du:

  • Kokt sommarskinke frå Gilde
  • Gode poteter, gjerne mandelpotet
  • Assorterte grønsaker
  • To ts brunt sukker
  • 1 ss vanleg sirup eller lønnesirup
  • 3-4 dl vatn
  • Ein pakke vanleg fløte eller matfløte
  • Salt og pepar
  • Sukkerkulør

Slik gjer du det:

  • Skjær sommarskinka i passe tynne skiver. Legg dei spreidd utover i ei eldfast form. Strø over det brune sukkeret og sirupen.
  • Slå vatnet i botnen av forma og set i ferdig oppvarma omn på 200 grader i om lag 30 minutt. 
  • Lag klar potetene og grønsaken og tilbered dei slik du likar det best. Eg serverte middagen med kokte poteter og dampa grønsaker. 
  • Slå fløte i ei panne og la den småputre. Når skinka er ferdig i omnen (den får ein gyllenbrun og herleg farge), tek du litt og litt av krafta og har over i fløtesausen. Ha i nok kraft til at sausen får den kosistensen du vil ha. 
  • Smak til med salt og pepar. Ha i sukkerkulør til du får ein fin og gyllen brunfarge. 
  • Anrett den glaserte sommarskinka med poteter, grønsaker og saus – server!

sommarskinke

Om du vil gjere retten endå meir sommarleg, kan du godt bytte ut grønsakene med ein frisk og lett syrleg appelsinsalat som komplimenterer den sirupsglaserte sommarskinka. Oppskrift på appelsinsalat finn du her

sommarskinkecollage

Til dessert kan eg anbefale Trifle med smak av sommar (oppskrift her) eller Panna cotta med bringebær og pasjonsfrukt (oppskrift her). 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *