Lefse og søst – sunnmørsk festmat!

126 Flares Twitter 1 Facebook 125 Pin It Share 0 Filament.io 126 Flares ×
Print Friendly

logo

Dette innlegget linkar til bøker du kan kjøpe på  haugenbok.no. Meir om dette samarbeidet kan du lese om her. Link til bøkene nederst i innlegget. 

Mai er månaden for å festdagar. Det er konfirmasjonar, 17. mai og mange andre raude dagar som lokkar fram fineserviset og kakeborda. På Sunnmøre er kakeborda berykta for å vere både bugnande og rause. Det er ikkje uvanleg at det er ei halv kake per person – minst! I tillegg til gode kaker og dessertar er lefse og søst nødvendig på eit sunnmørsk kakebord. 

lefseogsøst

 

På Sunnmøre handlar lefsebaking om tradisjonar. Oppskrifter går i arv og det er vanleg at fleire generasjonar står i lag på kjøkkenet når lefsene skal bakast og steikast. Å kunne steikje fine lefser blir sett på som ein kunst! 

«Lefse er festmat og julemat. I gamle dagar var dei også brukte som ferdamat. Det var to sortar lefser – snikalefser og vanleg lefse. Snikalefser vart først steikte på vanleg måte, så vart dei smurde inn med råmjølk eller mjølk blanda med mjøl. Deretter vart lefsene steikte igjen, til «sniken» hadde stivna.» Frå boka «Matminne frå mors kjøkken» av Trude Teige. 

Om du spør ti ulike kvinner om du kan få lefseoppskrifta deira, vil du mest truleg få ti ulike oppskrifter. Alle har sin variant, sine eigne justeringar og sine eigne spesialitetar. Og slik skal det vere! Anten lefsene er baka på den eine eller den andre måten, så er lefser noko som alle ser ut til å like og som alltid er like populært på kakebordet. 

lefseogsøst1

Å servere lefser utan søst er nesten for helligbrøde å rekne. Søst er sunnmørsk tradisjonsmat og vert brukt på lefser, vafler, flatbrød eller på ei god brødskive med ein god kopp kaffi attåt. Søst er ofte litt søt og karamellaktig, godt krydra med kanel og kardemomme og har rikeleg med rosiner i. Den aller beste søsten er kokt med heilmjølk som ikkje er homogenisert (rett frå kua), då får du fine klumpar i han. Kok gjerne ein rikeleg porsjon, for søsten er fin å fryse. 

lefseogsøst2

 

I dag deler eg lefesoppskrifta frå Trude Teige si bok, «Matminne frå mors kjøkken».

LEFSER

1 1/2 l H-mjølk

150 g sukker

225 g margarin

1 1/2 ts hjortesalt

2 kg kveitemjøl

FYLL

1 kg smør

1/2 kg sukker

Rør smør og sukker kvitt i ein miksar. 

 

Kok opp mjølk, sukker og margarin. Ha det over i ein bolle og tilset mjøl og hjortesalt. Rør alt godt saman til ein deig og dekk med eit handkle. Det er viktig at deigen held seg varm under utbaking. 

Steiking

Bruk ei takke med god varme. Styrke 6 skal vere passeleg, men du må prøve deg fram – varmen kan variere frå takke til takke. Bak ut leivar som til slutt blir om lag like store som overflata på takka. Lag deg gjerne ein mal (klipp gjerne ut ein runding frå ein gammal voksduk eller bruke eit Tupperware-underlag). Hugs at lefsene skal vere tynne. Jobb med kjevlet for å få lefsa så tynn som råd. Bruke ein lang lefsepinne til å løfte leiven over på takka. Ikkje steik lefsene for mykje. Dei skal vere lyse. Steik lefsene minst på «rette-sida». 

Legg dei steikte lefsene i ein stabel. Lag fyllet. Dei ferdigsteikte lefsene må dynkast med vatn for å verte mjuke før du smører dei med smør og sukker. Prøv deg fram med dynkinga. For lite vatn gjer dei harde, men for mykje vatn er nesten verre. Då vert dei klissete og henger seg fast i kvarandre. Det aller beste å dynke med er ei dusjekanne. 

Når lefsa er dynka er den klar til smøring. Smør halve lefsa med fyllet, brett over, smør halve lefsa og brett over ein gong til. Dette er den aller enklaste brette-teknikken. For du skal vite at der er like mange brette-teknikkar som der er lefsebakarar! Dei ferdig dynka og smurde lefsene kan serverast med ein gong, eller du kan fryse dei ned. 

lefseogsøst3

 

Dersom du har lyst til å lage søst sjøl, har eg ei enkel oppskrift til deg her. Om du heller vil gjere det lettvint, så har eg eit tips til ein «jukse-søst» nederst i innlegget!

SØST

5 liter heilmjølk

1 liter kulturmjølk

2 ss sirup

2 dl rosiner

3-4 ss semulegryn

Nokre dråpar sukkerkulør

Kok heilmjølka godt opp, lat ho småkoke i om lag ein halv time. Tilset kulturmjølk, slik at mjølka skil seg. For å hindre at det ikkje vert for store klumpar, må ein vispe godt i mjølka medan ho skil seg. Så skal blandinga koke i 4-6 timar, til søsten er innkokt og lys  brun i farge. 

Tilset sirup, rosiner og smak søsten godt til. Kanskje vil du ha den litt søtare? Kanskje tilsette pittelitt kardemomme eller kanel? Dryss på semulegryn og sukkerkulør til ønska konsistens og farge. Korleis vite at konsistensen er rett? Det kan vere lurt å tenkje at søsten skal vere så tjukk at den ikkje renn av lefsa. Fargen skal vere middels brun. Eg likar ikkje at søsten blir for bleik. 

Søst eignar seg godt til frysing. Når ein skal bruke søst som er frosen, må du først la den tine godt på benken. Varm den så litt i ei panne, gjerne med ein liten fløyteskvett eller ei lita skei sirup. La søsten kjøle seg ned til romtemperatur og den er klar til servering! 

Som sagt før, så er søst fast fylgje til lefser. Dette er ein svært tradisjonsbunden skikk på heile Sunnmøre. Dei aller fleste har sin eigen variant av søst. 

Dette er Solveig Linge Stakkestad frå Valldal si oppskrift. Du finn denne oppskrifta og mange fleire i boka «Den gode smaken», ei bok om bygdekvinner, mat og matkultur frå Møre og Romsdal. 

Er du usikker på om du likar søst, eller har du behov for å lage søst i ein fei? Då er dette ein god måte å jukse på:

Kjøp ei boks Tine søst på butikken (søsten er laga på meieriet i Ørsta, så for meg er den svært kortreist). 

Slå søsten i ei kasserolle. 

Tilset 1-2 ts brunt sukker og 1 ss vanleg sirup eller ein kombinasjon av vanleg sirup og lønnesirup. 

La det heile få varme seg godt opp, rør heile tida. 

Du har no ein søst med gode, runde smakar og fantastisk konsistens – heilt klar for ei god lefse! 

__________________________________________________

Boka «Matminne frå mors kjøkken» av Trude Teige kan du kjøpe frå Haugenbok.no her. Forlag: Det Norske Samlaget 2003.

Boka «Den gode smaken», skriven av Møre og Romsdal bygdekvinnelga kan du kjøpe frå Haugenbok.no her. Forlag: Abrakadabra forlag 2004. 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, haugenbok.no, Jul, Kokebøker | Tagged , , , , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *