Lenge leve kyllingen!

12 Flares Twitter 0 Facebook 11 Pin It Share 1 Filament.io 12 Flares ×
Print Friendly

Heime hos oss er kylling det mest brukte kjøtet. Det er smakfullt, raskt å tilberede, ikkje så verst i pris og kan varierast i det uendelege! Det er stadig fleire kyllingprodukt å få kjøpt i butikken, men det er kanskje på tide at vi slår eit slag for heil, fersk kylling! Mange let nok vere å kjøpe heil, fersk kylling fordi dei ikkje veit heilt kva dei skal gjere med den. Det enklaste er sjølvsagt å steike den i omnen som den er, men om du lærer deg å dele den opp får kylling mange fleire bruksområde!

I denne videoen ser du til dømes kor enkelt det er å steike heil kylling i omnen. I videoen under ser du korleis ein enkelt kan dele opp ein heil kylling:

Nokre stadar kan det kanskje vere vanskeleg å få tak i heil, fersk kylling. I går leita eg i fire av dei lokale daglegvarebutikkane. Ein av butikkane hadde to «Smaalenene Gårdskylling» (tidlegare Livèche kylling), men dei var diverre av dårleg dato… Difor enda eg opp med å kjøpe ferske lårstykke.

Retten eg laga er inspirert av Jamie Oliver og eg har kalla den «Kylling og pasta med grøne smakar».

kylling

 

Dette treng du (bruk så mykje av ingrediensane som du likar):

Ein heil kylling delt i mindre bitar, eller kjøp ferdig oppdelt rå kylling

Fersk pasta

Ferske brekkbønner (bruk frosne om du ikkje får tak i ferske)

Babyspinat

Små tomtar – gjerne økologiske!

Ein sitron

Salt og pepar

Smør

Parmesan

kylling3

 

Dette er ein middag som du kan laga på under ein halvtime. Det som tek mest tid er å steike kyllingen. Alle dei andre ingrediensane er ferdige på 5 minutt!

Slik gjer du det:

  • Det aller fyrste du gjer er å sette steikeomnen på 180-200 grader.
  • Om du har ein heil kylling må du starte med å dele den opp i mindre bitar. Dette kan du med fordel gjere dagen før, slik at kyllingen ligg klar i kjøleskapet når du kjem heim frå jobb. Om du har kylling i bitar, så startar du med å steike kyllingbitane i godt smør i steikepanna. Steik først kyllingen på skinnsida, la den få fin og gyllenbrun steikeskorpe. Snu for å steike den andre sida. Krydre med salt, pepar og skvis over litt sitronsaft. Om du vil kan du gjerne legge litt smør og basilikum, timian eller andre urter under skinnet på kyllingen. Legg små tomatar delt i fire i steikepanna og svisj dei lett i det varme smøret. Legg tomatane over i den eldfaste forma i lag med kyllingstykka. 
  • Legg kyllingbitane over i ei eldfast form og set i ferdig oppvarma omn. Steiketid vil avhenge av kor store kyllingstykka er og kor høg temperatur du steikjer kyllingen på. Ta gjerne ut eit stykke etter om lag 15-20 minutt og sjå om det er ferdig.

 

  • Når det er att 10 minutt av kyllingen sit steiketid lagar du resten av tilbehøret.
  • Fyll ei romsleg panna med vatn, kok opp og salt godt.
  • Ta gjerne ut kyllingen før du har pastaen i vatnet, så får den kvile seg litt før den blir servert.
  • Ha i brekkbønnene (skjær vekk ende og tupp før du har dei i det kokande vatnet) og pasta. La koke i fire minutt. Då er både pastaen og brekkbønnene ferdige.
  • Ha babyspinat rett i det kokande vatnet i lag med brekkbønner og pasta. Rør godt, og slå alt over i eit dørslag etter om lag 10 sekund. Babyspinaten treng berre eit lite øyeblikk i vatnet før den er ferdig!
  • Etter at du har slått pasta, brekkbønner og spinat i eit dørslag, fordeler du herlegheitene over på fat.
  • Strø raust med riven parmesan over pastaen og legg på kyllingbitane og tomatane til slutt.

kylling2

 

Om du vil kan du godt lage ein god dressing å ha ved sidan av. For å gjere det enkelt kan det godt vere creme fraiche med gode urter, ein sitronskvis og litt salt!

Server gjerne med brød og godt smør til.

No som grillsesongen så vidt er i gang, kan ein godt grille desse kyllingbitane.

Til slutt vil eg kome med ei oppmoding til alle mine medbloggarar: om fleire etterspør heil, fersk kylling på butikken der vi handlar, så kanskje det vert lettare å få tak i! Det kjem fleire gode kyllingoppskrifter på bloggen min framover, men eg vil vere heilt avhengig av å få tak i gode råvarer på daglegvarebutikkane i Ørsta.

kylling1

 

Om du har ei god kyllingoppskrift du gjerne vil dele med meg eller utfordre meg med, så blir eg glad for det! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Matvideo, Middag - kylling, Pasta | Tagged , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *