Heimelaga aioli
Å lage majones eller aioli er ikkje så vanskeleg som ein skulle tru. Ein treng forholdsvis få ingrediensar, men kan variere smaken alt etter kva ein skal servere aiolien til. Om ein tek omsyn til nokre lure knep, så vil alle kunne klare å lage sin eigen majones eller aioli:
A I O L I – stor porsjon
Eg har tatt utgangspunkt i oppskrifta til Tom Victor Gausdal frå kokeboka «Familiekokeboka» og så har eg endra lit t på den for å få den slik eg ville ha den.
6 eggeplommer
2 ts dijonsennep
5 dl solsikkeolje
1 dl olivenolje
5-6 fedd kvitløk
1 ts salt
pepar
1 ss sitronsaft (frå fersk sitron)
Slik gjer du det:
Bruk gjerne kjøkkenmaskin med visp dersom du har, eller bruk rå handemakt – for her må det rørast!
Ha eggeplommer, sennep og kvitløk i kjøkkenmaskina. Køyr litt for å blande godt alle ingrediensane.
Slå i ca halvparten av oljen i ein så tynn stråle som du kan, medan kjøkkenmaskina går på høg hastigheit.
Ha i sitronsafta og deretter resten av oljen – framleis i ein tynn stråle.
Ha i salt og dryss i pepar.
Aiolien er no ferdig!
Ha aiolien i ei lufttett boks og oppbevar den i kjøleskapet. Då dette er eit produkt utan kunstig tilsettingsstoff, kan den ikkje stå så lenge i kjøleskapet. Men 3-4 dagar toler den godt!
Du må gjerne smakssette med friske urter òg!
Om du ikkje har kvitløk i dette, så har du ein heilt vanleg majones. Dersom det er kvitløk i, kan du kalle det aioli. Dette seier wikipedia om aioli:
«Aioli (fra katalansk: allioli, i betydningen hvitløk og olje) er en kald saua fra nordøstre Spania, og områdene rundt Katalonia og Valencia. Sausen består vanligvis av hvitløk, egg, salt, sitronsaft eller eddik og olivenolje. Det finnes en rekke ulike varianter og kryddertilsetninger. Aioli nytes gjerne til grillet eller stekt kjøttmat og tapas. Den nytes også som dip.»
Det smakar mellom anna nydeleg med aioli som dipp til foccacia. Oppskrift på foccacia finn du her. I kveld står aioli på menyen i lag med Sticky Chicken, foccacia og god salat.
Mmm..i kveld vert det blåskjell, nysteikt baguettarog aioli. Alltid like kjekt å kikke innom bloggen din – delikat presentasjon av freistande oppskrifter . Lag ein fin kveld 🙂
Tilbaketråkk: Hjemmelaga majones | Low FODMAP Inspirasjon