Gulrotkake

13 Flares Twitter 1 Facebook 12 Pin It Share 0 Filament.io 13 Flares ×
Print Friendly

Alle heimar bør vel ha ei gulrotkakeoppskrift som alltid blir vellukka og som alltid imponerer dei ein serverer! Dette er min heim sin variant! Det fine med den er at sukkeret godt kan byttasat ut med sunnare variantar av sukker, og mengda kan med fordel reduserast litt. Oppskrifta eg legg ut i dag er originalversjonen og må lagast i langpanne (ca 30 x 40 cm).

gulrotkake3

 

Dette treng du:

6 store egg

2 dl brunt sukker

4 dl kvitt sukker

3 dl solsikkeolje

3 ts vaniljesukker (aller helst økologisk vaniljepulver – min favoritt!)

3 ts kanel

3 ts bakepulver

3 ts natron

6 dl kveitemjøl

6 dl raspa gulrot

Glasur:

200 g romtemperert smør

300 g romtemperert kremost naturell

100 g romtemperert kremost mandarin/ananas

500 g melis

2 ts vaniljesukker (vanleg, kvitt)

2 ss saft frå ein appelsin

Til pynt:

strimlar av gulrot

rive appelsinskal

(framgangsmåte held fram under billetet)

gulrotkake

Slik lagar du kaka:

Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland i oljen. Sikt i dei tørre ingrediensane og rør til deigen er klumpfri. Ha i gulrota og bland godt. Ha deigen i ei stor, bakepapirkledd langpanne.

Steik kaka midt i omnen på 175 grader i ca 40 minutt (sjekk gjerne med ein kakepinne etter 30-35 minutt).

Avkjøl kaka litt i forma før du har den over på ei rist. Når kaka er heilt avkjølt smører du på glasuren.

Slik lagar du glasuren:

Ha kremosten og smøret i ein bakebolle og pisk med miksmaster i ca fem minutt. Ha så i melisen og appelsinsafta. Pisk vidare med miksmasteren til glasuren er glatt og fluffy. Smør glasuren over kaka når den er kjølig.

gulrotkake4

 

 

Server kaka med ein god kopp kaffi eller eit glas iskald mjølk!

Du kan godt lage denne kaka og fryse den ned, også med fyllet på. Då må du først skjære kaka i passe stykker etter at du har hatt på fyllet. Legg kakestykka på eit brett og sett brettet rett i frysaren. La stå til kakestykka er skikkeleg frosne. Då kan du forsiktig legge dei i ei boks med matpapir mellom kakelaga. Ha på tett lokk.

gulrotkake collage

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kaker | Tagged , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *