Påsketorsk og saus med spennande smakar!

4 Flares Twitter 1 Facebook 3 Pin It Share 0 Filament.io 4 Flares ×
Print Friendly

Det er mykje god torsk i sjøen no og ingenting smakar betre enn eit ferskt torskemåltid! Eg brukte rett nok frosne torskeloins til dette måltidet, for eg hadde ikkje tilgang til fersk torsk akkurat den dagen.

Å lage eit godt måltid med torsk er ikkje vanskeleg når råvarene er gode. Eg har skrive om torsk mange gongar før, men det som skil denne oppskrifta frå dei andre, er at eg har laga ein ekstra god saus til.

torsk

For å lage min påsketorsk treng du:

Torsk, anten filètar som du skjær i sersveringsstykker eller torskeloins

(Strøm Torsk har nydelege torskeloins)

Brokkoli

Blomkål

Gulrot

Poteter

Kvit saus – dette treng du:

60 g meierismør

4-5 dl heilmjølk

40 g kveitemjøl

6 kapers, finhakka

Pepperrot (anten 1 cm skvisa ut frå tube, eller litt fersk, raspa)

Salt

Pepar

1/2 ts sukker for å runde av smakane

Slik gjer du det:

Set omnen på 200 grader.

Lag den kvite sausen først: smelt smøret i panna og tilsett mjølet. Bland godt og spe raskt med mjølka. Rør heile tida medan sausen koker opp. Skru ned varmen og rør medan sausen småkokar i om lag fem minutt.  Kvit saus med mjølk kan lett brenne seg i panna om du ikkje passar på. Smak til med salt og pepar, tilsett så kapers og pepperrotkrem.

Legg torsken i ei eldfast form (dersom du brukar frossen må den vere godt tint og helst romtemperert). Strø over raust med salt og passeleg med sitronpeppar eller vanleg peppar. Set fisken i omnen. Den treng ikkje steike meir enn ca 15 minutt. Dersom du brukar loins må du kanskje forlenge steikjetida til 20 minutt.

Poteter, gulrot, brokkoli og blomkål tilbereder du på vanleg måte. Pass på at grønsakene ikkje vert for mjuke, det er betre at det er litt tyggemotstand i dei.

Når du anretter maten kan du godt legge torsken på ei seng av blansa bladsalat. Legg på grønsakene og potetene, slå sausen over potetene. Set gjerne ekstra saus på bordet!

torsk1

 

PS! Det er mange som spør meg kvar ein får tak i god torsk. Å få fersk torsk er sjølvsagt svært bra. Dersom du ikkje har høve til det, så må ein ty til gode fiskebutikkar. Dei kan hjelpe deg med både filètering, fjerning av skinn og bein etc. Dersom du bur ein stad utan fiskebutikk, så er rådet mitt å kjøpe fiskekasser (5-7 kg med fisk), som er filèterte og frosne ombord i trålbåten som har fiska den. Dette er det nærmaste ein ofte kjem fersk torsk. Og så kan ein sjølvsagt kjøpe Strøm Torsk, som er torsk av god kvalitet, pakka etter same prinsipp som Salma laks. Der er, som du ser, mange vegar til god torsk!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - fisk | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *