Ostesnurr til påskelunsjen!

20 Flares Twitter 1 Facebook 18 Pin It Share 1 Filament.io 20 Flares ×
Print Friendly

Anten det er på frukostbordet, i lunsjboksa eller til kvelds, så er det alltid noko ekstra godt å bite i når det er påske. I dag baka eg nokre ostesnurrar som er supre å servere som tilbehør til påskelunsjen eller å ta med seg ut på tur i påska!

ostesnurr

Dette treng du:

8,5 dl kveitemjøl

3,5 dl lunka vatn

1 ts salt

div tørka krydderurter – ta det du likar

vellagra cheddar

parmesan

ostesnurr1

 

Slik gjer du det:

Lag gjærdeig på vanleg måte: ha mjøl i ein bolle, bland i gjær, salt og krydderurter. Slå i vatnet til slutt. Elt godt. Set deigen til heving på ein lun plass, gjerne ein time.

Ta den ferdigheva deigen og bak den ut til ein rektangulær leiv .Bruk litt mjøl når du kjevlar ut. Når du har fått deigen så tynn som du vil, raspar du over cheddar og parmesan. Bruk så mykje som du vil; eg likar best at det blir eit raust lag med ost! Rull saman og skjær 1 cm tynne skiver som du legg på eit bakepapirkledd bakebrett.  Set til heving i ca 1/2 time.

Steik på ca 230 grader i 12-15 minutt. Sjå etter undervegs. Ostesnurrane skal vere gylne og fine.

ostesnurr3

 

Når ostesnurrane er ferdigsteikte legg du dei til avkjøling på ei rist. Server snurrane lune eller putt dei i sekken og spar dei til påsketuren! Dersom du vil ha ein annan smak i tillegg til osten, kan du smøre eit tynt lag med pesto før du raspar over osten.

ostesnurr2


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Pizza, Smårettar | Tagged , , , , , , , , , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to Ostesnurr til påskelunsjen!

  1. Agr sier:

    Kva for krydder brukte du?

    • Tove sier:

      Hei! Eg brukte tørka provencekrydder og tørka basilikum. DU får tak i begge deler på butikken. Kan også bruke berre oregano. Lykke til!

  2. Agr sier:

    Takk! Brukte timian, basilikum og rosmarin. Cheddar, parmesan og vellaga Jarlsberg. Suksess!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *