Ytrefilèt av lam – god påskemat!
Berre så det er sagt med ein gong; eg har aldri likt lam. Eller sau. Ikkje får av noko slag. Berre lukta av eit nysteikt lammelår har gjort meg uvèl. Det einaste eg har ete er pinnekjøt og fårikål. Men hausten 2012 vart eg rett og slett omvend. Det kan hende det var fordi matblogg-gjengen vart grundig inspirerte av matprat.no-folka; vi stod på kjøkkenet hos matprat.no og laga alle slags lammerettar under sola! Eller så var det Bjørn Tore Teigen og Magnus Tvedt-Øresland sine dyktige kokkeferdigheiter som klarte å overbevise meg. Eg er ikkje sikker. Det einaste eg er sikker på er at eg vart overbevist. Frelst. Og veldig inspirert!
I påska må det sjølvsagt vere lam på menyen. I går var eg på desperat jakt etter ferskt lammekjøt og enda til slutt opp med ein ytrefilet av lam. Utan oppskrift, men full av pågangsmot, gjekk eg laus på kjøkkenet og eit nydeleg måltid med lam vart klart til servering akkurat i det Earth Hour sette inn! Ein annan ting som berre må seiast med det same, er at lammet nok vart litt for mykje steikt. Det var med både viten og vilje, for eg ville forsikre meg om at det ikkje vart for rosa slik at eg kanskje ikkje skulle like det… Men neste gong; då skal det vere rosa då!!! Om du vil la deg inspirere, så finn du oppskrifta under biletet!
YTREFILÈT AV LAM MED SMØRDAMPA GRØNSAKER OG BAKTE TOMATAR
Denne oppskrifta er delvis basert på “man tager hva man haver”-prinsippet og eg brukte ikkje eksakte mål. Måla i oppskrifta er basert på ca-mål…
Dette treng du til lammet:
Ytrefilèt av lam, så mykje som du treng til antal personar du lagar til
1 sitron
Tørka persille
To fedd kvitløk
Litt olivenolje
Nokre kvistar rosmarin
Salt og pepar (så mykje du trur du treng)
Bland tørka persille og finhakka kvitløk med ein liten skvis sitronsaft og 2-3 ss olivenolje. Legg filèten i ein plastpose og slå blandinga over. Knyt att og la stå på benken og marinere i så lenge du har tid (1/2 time-1 1/2 time).
Ta så filèten ut av posen og brun den raskt i godt smør på god og varm panne. Pass på at alle sidene av filèten får steikeskorpe. Legg nokre kvistar rosmarin i panna medan du steikjer kjøtet. Ta steikjepanna av plata.
Legg ein bit aluminiumsfolie på benken og skjære opp tomatar, små eller store. Lag ei tomatseng på aluminiumsfolien, dryss over med litt Maldonsalt, legg over dei “steikte” rosmarinkvistane, samt ein fersk kvist rosmarin. Legg ytrefilèten over, pakk godt inn og la den ligge og kvile slik i ei eldfast form.
Dette treng du til dei smørdampa grønsakene:
Purreløk
Raud løk
Gulrot
Mini-asparges
Maldonslat
Malt koriander
Grovkverna peppar
Smør
Skjær purre og raud løk i rause bitar. Skrell gulrota og del den i tynne skiver. Skjær enden av mini-aspargesen. Smelt smør i ei panne og ha i purre, raud løk og gulrot. La dette surre i smøret på svak varme til det har vorte blankt og mjukt. Dryss over litt maldonsalt, malt koriander og grovkverna peppar. Legg i mini-aspargesen til slutt, den treng kort tid for å verte perfekt!
Eg har ikkje oppgitt mengd på grønsakene, så her tek du berre så mykje som du trur du treng. Om du vil bytte ut med andre grønsaker, så må du gjerne gjere det!
Når grønsakene er ferdige, set du lammet i omnen nokre minutt (eg brukte då litt for mange minutt). Hugs at filèten er steikt frå før, så den treng ikkje lang tid i omnen! Medan den ferdige fileten får kvile på benken, kan du lett lage ein kald saus som tilbehør til lammet. Oppskrifta finn du i videoen på denne lenkja!
Som tilbehør til lammet vil eg anbefale ovnsbakte poteter eller couscous. Dersom du vil ha poteter, legg du småpoteter i ei eldfast form og rislar over olivenolje. Dryss over Maldonsalt og grovkverna peppar. Legg i nokre båtar kvitløk for smak. Steik på 200 grader varmluft til potetene er ferdige, om lag 30-45 minutt. Sjekk undervegs. Om du vil ha couscous, så lagar du etter tilvising på pakken.
For oppskrift på den kalde sausen, sjå denne videolinken. Du treng creme fraiche, sitron, heil pepar, tabascosaus, mynte, kvitløk, maldonsalt, fersk chili.
Når du serverer retten legg tek du tomatane som er i folien i lag med lammet og legg dei på tallerkenen. Det er heilt utruleg så god smak det blir på desse tomatane!
Legg lammet på ei seng av grønsaker, server med poteter og kald saus.
Retten vart servert på ein flott, kvit papirduk som ungane hadde laga påsketeikningar på og skrive helsingar til oss!
V E L B E K O M M E !