Vaniljekake med sukker og kanel
Kokeboka “Hellstrøm Jr.” er eit oppkome av herlege oppskrifter og god matfilosofi! I denne boka lagar Hellstrøm mat i lag med fadderbarnet sitt, Elise Jacobsen Frigstad (16 år). Alt ved denne boka tiltaler meg og ein omtale kjem i eit seinare innlegg!
Men så over til vaniljekaka! Dette er ei kake som skal lagast i langpanne og det fine er at den er utan egg. Vi kjenner mange som har eggeallergi og det er alltid kjekt å finne gode kakeoppskrifter utan egg. Men kaka er mektig, for du treng ein heil liter vaniljesaus… Viktig: om du vil ha heilt eggfri kake, må du bruke kjøpt vaniljesaus. Om dei du skal bake til kan ete egg, smakar kaka best om du har heimelaga vaniljesaus. Eyvind Hellstrøm si oppskrift på vaniljesaus finn du på eit bilete lenger nede i innlegget.
Om du vil bake søndagskake i ein fei, så er dette oppskrifta du treng!
1 liter vaniljesaus
200 g smør
5 dl sukker
12 dl kveitemjøl
2 ts vaniljesukker
6 ts bakepulver
Perlesukker
Kanel
Slik gjer du det:
Smelt smøret og pisk det med sukker til det skummar lett.
Tilsett vaniljesaus og alt det tørre. Køyre det på høg hastigheit i ei kjøkkenmaskin. Om kjøkkenmaskina di er liten, kan du godt bruke ein handmiksar.
Kle ei langpanne med bakepapir og fordel røra utover.
Dryss over perlesukker og kanel.
Stek kaka ved 170 grader i ca. 40 minutt.
Dersom du ikkje vil lage din eigen vaniljesaus, kan du godt bruke ferdig saus. Eg skreiv i oppskrifta at ein skulle tilsette 2 ts vaniljesukker. I staden for vanleg vaniljesukker brukar eg 1 ts økologisk vaniljepulver frå “Økosjokolade”. Det får du kjøpt på helsekostbutikkar. Dette er vaniljepulver frå Bourbon vanilje og gir ein fantastisk smak! Les meir om produkta får Økosjokolade her.
Kaka er saftig og god og kan godt stå nokre dagar om du har den i ei tett boks. Kaka er ein favoritt i barneselskapet, til ein god kopp kaffi eller i piknikkkorga!
Uten egg? Det er jo egg i vaniljesausen……. 🙂
He, he, LM; ja du har i grunnen rett! Men dersom du brukar ferdig vaniljesaus så blir kaka heilt eggfri. Dersom du ikkje treng å ta omsyn til allergi, så blir kaka aller best med heimelaga vaniljesaus!
Er det ferdig vaniljesaus fra Piano, eller hvor får man kjøpt det?
Kan du muligens gi oppskriften på vaniljesaus?
Akkurat til denne kaka brukar eg ferdig vaniljesaus! Ein kan så klart lage den sjølv, men så lenge det skal vere ein ingrediens i sjølve kaka, kjøper eg den ferdig!
Denne ble stor suksess i heimen,store som små gasser seg med kake:)))))
Så kjekt å få slike tilbakemeldingar – tusen takk!