Pasta med fløtesaus, laks og sprø grønsaker

576 Flares Twitter 2 Facebook 574 Pin It Share 0 Filament.io 576 Flares ×
Print Friendly

kremalaks Det er alltid kjekt å prøve ut nye produkt som ein finn i butikken. Her ein   dag kom eg over Salmalaks i ferdige bitar. Det er sjølvsagt like enkelt å kjøpe ein filèt med Salma, men desse små bitane var både praktiske og greie.

Det er 200 g Salma i ein pakke, noko som i utgangspunktet kan vere nok til to personar. Men her i huset er vi glade i laks, så eg brukte to pakkar med Salma. Då vart det to rause porsjonar til meg og mannen, i tillegg til at vi hadde litt restar som kom godt med dagen etterpå!

Denne retten er super å servere om du vil ha ein kjapp, sunn og god middag. Den kan også serverast som hovudrett, eller som forrett. Som forrett kan du gjerne legge pasta og laks på ei seng av ruccolasalat om du vil. 


Dette treng du (3-4 porsjonar):

Ein pakke bandspaghetti (tagliatelle)

Ein pose sukkererter

1/2 raud paprika

2 båtar kvitløk

fersk grasløk

Romanosalat

1 pakke fløte (kan gjerne byttast ut med laktosefri fløte for dei som treng det)

2 ss creme fraiche

Salt og pepar (gjerne sitronpepar)

 

kremalaks3

Slik gjer du det:

Start med å sette på kok fløtesausen. Ha fløte og creme fraiche i ei panne, ha i finhakka kvitløk og finhakka paprika. Kok opp, la småputre og smak til med salt og pepar. Bruk gjerne sitronpepar.

Set på vatn til pastaen. Bruk ei stor panne, mykje vatn og salt godt. Når det kokar opp har du i så mykje pasta som du treng til det antal personar du lagar til.

Medan pastaen kokar har du laksebitane i fløytesausen. Dei bør ikkje småputre i sausen i meir enn ca fem minutt – prøv deg fram!

Når du ventar på at laksen skal verte ferdig i sausen, grovkuttar du sukkererter og grasløk. Vask  heile salatblad frå Romanosalaten, du treng eit salatblad per person. Legg eitt salatblad på kvar tallerken, salatbladet fungerer då som skåla du skal ha pastaretten i.

(oppskrifta held fram under biletet)

kremalaks1

 

Slå den ferdigkokte pastaen i eit dørslag, rist godt av alt vatnet og ha pastaen tilbake i panna. Hell så over den herlege fløtesausen med laks og vend alt forsiktig.

Fordel pastaen i salatblada, dryss raust med sukkererter og grasløk. Server med ein gong. 

kremalaks2

 

Om det er andre ingrediensar du er glad i og som du meiner passar med laks, så må du gjerne bytte ut dei ingrediensane eg foreslår. Om du vil gjere den litt meir «hot» kan du godt tilsette ferks chili eller blande litt chilipasta i sausen. Og om du vil bruke anna laks enn Salma, så går det sjølvsagt heilt fint! 

V E L B E  K O M M E !


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - fisk | Tagged , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Pasta med fløtesaus, laks og sprø grønsaker

  1. Tilbaketråkk: pasta laks | oppskrifterogkosthold.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *