Tomatsuppe på 1-2-3!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Heimelaga tomatsuppe har rikare smak, fyldigare konsistens og er like lettvint som posesuppe. Eg er på ingen måte i krig med Toro, men  meiner at ein lett kan klare å lage heimelaga alternativ til posematen,  som smakar mykje betre enn det Toro klarer å prestere. Det beste med denne suppar er at du kan bruke den til andre ting dersom du har restar til overs – lag gjerne tredobbel porsjon!

tomatsuppe

Heimelaga tomatsuppe (noko til 4 porsonar)

1/4 raud løk eller 2 sjalottløk

2-3 fedd kvitløk

1/4 chili utan frø

1 ss olje

3 bokser hermetisk tomat av god kvalitet

3-4 dl kraft (vatn med buljong eller fond) – gjerne med smak av grønsaker eller kylling

salt og pepar

ei lita klype sukker

(dersom du vil kan du tilsette fleire ingrediensar, t.d.: makaroni, gulrot i små terningar, pølsebitar etc. Då er det viktig at du har i dette etter at du har mosa suppa!). 

Slik gjer du det:

Skrell løk og kvitløk, reinsk chilien og skjær alt i mindre bitar. Varm opp olje i ein kasserolle, surr løk og chili til det har vorte gyllent og mjukt. Slå i boksene med hermetisk tomat og krafta (vatn/fond/buljong). La suppa koke opp og deretter småkoke i 10-15 minutt. Når den har kokt ferdig køyrer du suppa i ein blender eller brukar stavmiksar for å finmose løk, chili og eventuelle tomatbitar. Smak til med salt, pepar og sukker.

Server suppa med grøn urtepynt på toppen og gjerne litt parmesan. Bruchetta er supert tilbehør!

tomatsuppe2

Kva gjer ein med restane etter denne herlege suppa?

Eg laga denne suppa på skulekjøkkenet i lag med 8. klassingar som har eit valfag som heiter «Frisk og rask». Der har vi fokus på sunn mat og gode råvarer. Elevane var svært overraska over kor enkelt det er å lage tomatsuppe frå botnen! I tillegg til at det skal smake godt, må maten sjå god ut også! Dei er som regel svært kreative når det gjeld pynting av mat!

Denne gongen laga vi meir suppe enn dei klarte å ete. Det går sjølvsagt ikkje an å kaste så god mat som heilt klart kan få nytt liv i nye rettar! Dette gjorde vi med restane denne gongen:

  • Suppa fekk koke på lav varme i to timar. Noko av væska fordampa og vi hadde fått noko som likna på ein tomatsaus med fyldigare konsistens. 
  • Når du har gjort dette kan du fryse ned tomatsausen – bruk gjerne porsjonsbokser eller frys ned i plastposar.
  • Sausen kan du bruke som base i pastasausar eller som pizzasaus – utan å tilsette noko meir! Eg har prøvt begge deler og det smakar fortreffeleg!

…om om Toro si tomatsuppe kan konkurrere med denne? Det tvilar eg sterkt på!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Pasta, Pizza, Sommarmat, Supper, Ukategorisert, Vegetar | Tagged , , , , , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Tomatsuppe på 1-2-3!

  1. Christoph sier:

    Hjemmelaga tomatsuppe blir bare så mye bedre!

  2. Tilbaketråkk: Tomatsuppe eller tomatsaus?På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *