Sytalaus sitronkylling
Kylling må ikkje alltid smake grillkrydder eller marinade. Sidan sitron er ein av favorittsmakane mine, så likar eg godt å ete kylling som smakar sitron. Og då meiner er verkeleg at den smakar sitron! Dette er endå ei oppskrift som krev lite førebuing og som du kan putte i omnen og så lagar maten seg sjølv.
Lemon chicken vert laga mange stadar i verda, men for meg er den retten noko eg forbind med USA. Då eg jobbe i California hadde vi ofte lemon chicken til middag eller vi bestilte det på restaurant når vi var ute og åt. Min variant i dag er inspirert av ei oppskrift i “Familiekokeboka”, (du kan lese om kokeboka her).
Hovudingrediensen i denne retten er sjølvsagt kylling, men eg tør å påstå at det er sitronen som spelar hovudrolla!
For å lage retten treng du:
4-6 kyllingfiletar eller ein rå kylling som du deler i høvelege bitar
2 sitron
salt og pepar
2 ss sirup olivenolje til å smøre forma
ei eldfast form
sitronpresse
Slik gjer du det:
Set omnen på 200 grader. Smør ei eldfast form med olivenolje. Krydre begge sider av kyllingfilètane med salt og pepar. Eg brukte sitronpepar. Set forma i omnen og la kyllingen steikje i 30 minutt.
Medan kyllingen steikjer raspar du skalet av dei to sitronane. Deretter skvisar du all safta ut av sitronane. Ha skal og saft i ein liten bolle og tilsett sirupen. Rør godt og la stå til kyllingen har steikt ferdig.
Etter 30 minutt tek du ut kyllingen og auser sitron/sirup-blandinga over filètane. Set tilbake i omnen og steik 10-15 minutt til. Du kan opne ovnsdøra nokre gongar og ause krafta over kyllingen.
Kyllingen er så utruleg smakfull at du ikkje treng så krevjande tilbehør. Lag ein enkel, men raus tomatsalat til denne retten. Då treng du:
Tomatar som du kan skjære i små bitar
Agurk i terningar
Paprika i bitar
Raud løk i små bitar
Marinerte kvitløksbåtar
Litt olivenolje og balsamicoeddik (du kan gjerne bruke oljen som kvitløksbåtane ligg i)
Tilsett litt salt (gjerne Maldonsalt) og ein liiita klype sukker.
Retten smakar godt med ris eller couscous til.
Eg har erfart at det ikkje er alle som likar så godt det raspa sitronskalet som ligg på toppen av kyllingen. Det kan kvar einskild sjølvsagt skrape av, eller så treng du ikkje å bruke så mykje skal i blandinga.
PS! Om du vil ha ein deilig saus til ein dessert, kan du ta den herlege mixen av sitronsaft, sitronskal og sirup og lage saus som smakar nyyydeleg på vaniljeis! Pass då på at du ikkje brukar for mykje sitronsaft slik at det vert altfor rennannde. Legg vaniljeis i ei skål, strø over ferske jordbær og slå over litt av sitronblandinga. Då har du ein super dessert!