Sytalaus gryte – mat som lagar seg sjølv!

8 Flares Twitter 0 Facebook 7 Pin It Share 1 Filament.io 8 Flares ×
Print Friendly

 

Eg er alltid på jakt etter oppskrifter på mat som lagar seg sjølv. Slike rettar du kan putte i omnen og så kan du gjere andre ting medan du ventar på at maten skal verte ferdig.På Sunnmøre har vi eit uttrykk som heiter “sytalaust”. Vi brukar det om noko vi ikkje treng å bekymre oss så mykje for, eller bruke for mykje energi på. Gryta eg publiserer i dag er rett og slett sytalaus; den lagar seg sjølv medan eg kan gjere andre ting!

gryte

 

Sytalaus gryte (nok til 5 personar)

(oppskrifta er inspirert av «Mat på bordet»-Ina si oppskrift «One pot wonder»)

ca 1 kg storfekjøt, høgrygg eller bog – eg brukte entrecote

10 sjalottløk, skrella, delt i to dersom dei er store

4 store gulrøter, skrella, skjær i store bitar

8 kvitløksfedd, skrella, heile

1,5 kilo poteter, kokfaste, delt i store bitar

2 laurbærblad

2 bokser hermetisk tomat, god kvalitet

ca 7 dl vatn med fond av storfe (du får kjøpt fond i vanleg daglegvare)

1 ss balsamicoeddik

2 ss kveitemjøl (til jamning)

Salt og pepar

1 raus ts sukker

Slik gjer du det:

Set omnen på 150 grader.

Dersom du har ei stor, tjukkbotna gryte som kan stå i steikeomnen, så brukar du denne. Viss ikkje, tilbereder du gryta i ei vanleg panna for så å ha alle ingrediensane i ei stor, eldfast form før du set maten i omnen.

Det aller fyrste du gjer er å tilberede alle ingrediensane; skrell poteter, løk , gulrot og kvitløk. Skjær poteter og gulrot i store bitar. Skjære kjøtet i passe store bitar.

Ha hermetisk tomat, kraft (vatn/fond) og balsamicoeddik i gryta. Strø over kveitemjølet og rør godt. Ha i gulrot, løk, kvitløk, poteter og laurbærblad og sukker. Ha i salt og pepar, vær litt forsiktig – du kan krydre meir når alt er ferdig! La alt koke opp. Dersom det ser ut til å vere litt lite kraft, kan du ha i litt meir vatn.

Set gryta rett i omnen når alt har fått seg eit skikkeleg oppkok. Dersom du ikkje har ei kasserolle som toler å stå i omnen, slår du alt over i ei eldfast form og dekkjer over med aluminiumsfolie.

La den sytalause gryta stå i omnen på 150 grader i 2-2,5 timar medan du tek med deg ungane i fjøra, på fotballtrening, kviler middag, vaskar hus, går ein tur eller gjer noko heilt anna!

gryte1

 

Gryta treng ikkje så mykje tilbehør, men pynte gjerne  tallerkenen med litt gulrot (ta potetskrellaren og skrell gulrota rett på fatet elelr i ei skål). Nokre gongar har vi bakt potet i tillegg – berre fordi vi synest det er så godt! Strø gjerne litt hakka urter over før servering.

Dersom du vil tilberede retten i god tid, kan du godt gjere alt klart kvelden før du skal servere den;

Skjær opp alle ingrediensane, putt alt i gryta i lag med hermetiske tomatar og kraft. Pass på at alle ingrediensane er dekte av krafta. Set kaldt til neste dag. Ta gryta rett ut av kjøleskapet, la alt koke opp og set i omnen. Dette er heilt supert dersom du har invitert på middag, men eigentleg ikkje har tid til å stå ved grytene. Passar også ypperleg som mat dersom du skal ha venninnekveld eller klubbkveld!

gryte2

V e l b e k o m m e !

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Haustmat, Middag - kjøt | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *