Basis: enkle muffins

8 Flares Twitter 0 Facebook 7 Pin It Share 1 Filament.io 8 Flares ×
Print Friendly

 

Her i huset lagar vi aldri cupcakes. Vi lagar muffins. Søte, gode og spennande muffins. Oppskrifta eg brukar som basis er heilt enkel og lett å variere. Til selskap og fest kan det vere litt kjekt å gjere litt meir krumspring med muffinsane, men sånn elles held vi oss til det enkle. Dette er ei grei oppskrift å bruke om du vil gjere det enkelt!

muffins

 

Basisoppskrift: enkle muffins (lita oppskrift, nok til ca. 12 muffins)

2 egg

1,5 dl sukker

50 g smelta smør

1,5 dl mjølk

3 dl kveitemjøl

1,5 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

0,5 ts salt

Pisk egg og sukker godt. Slå i smelta smør og bland i mjøl og mjølk vekselvis. Ha i vaniljesukker, bakepulver og salt til slutt. Bland godt.

Ha muffins i former og steik ved 200 grader i 10-15 minutt – steiketida varierer frå omn til omn.

Ha muffinsane over på rist for avkjøling med ein gong du tek dei ut av omnen.

V a r i a s j o n ?

peanøttmuffins2

Det er mange måtar å variere ei enkel muffinsrøre på. Her er nokre av mine favorittar:

  • Sjokolademuffins 1: ha to ss kakaopulver i røra.
  • Sjokolademuffins 2: hakk sjokolade i små bitar og ha i røra. Bruk god, mørk sjokolade eller mjølkesjokolade.
  • Muffins med bær: legg røre i muffinsforma og ha i friske/frosne bær etter eige ynskje. Blåbær og bringebær er nydeleg!
  • Karamellmuffins: hakk opp fudgekarameller og ha i røra.
  • Nugattimuffins: legg ein klatt nugatti midt i muffinsen når du har hatt røre i formene.
  • Muffins med kjeks: legg kjeks med fyll nederst i muffinsforma, sjå bilete over (t.d. Oreo, Ballerinakjeks, etc). Legg muffinsrøre over. Om du vil ha ein vanvitting god muffins med oreokjeks og peanøttsmør, så kan du klikke deg inn her – not to miss!!!

Der er sjølvsagt endå fleire smaksvariasjonar, men dette er nokre av mine favorittar. Seinare vil det kome oppskrift på muffins som er utelukkande sunne og som ikkje inneheld eit snev av verken sukker eller andre ingrediensar som vi tenkjer på som usunne – gle deg!

AnneBrith01PS! Om du vil ha tips til meir kreative måtar å lage muffins på, så må du besøke Villa Perlesukker! Min gode matbloggkollega Anne Brith er heilt suveren når det kjem til baking og dekorering av muffins og cupcakes! Klikk her for å kome til bloggen hennar, eller her for å kome direkte til alle cupcakesinnlegga hennar!Biletet til venster har eg lånt frå bloggen hennar og er teke i forbindelse med at skal vere ein av deltakarane i «Hele Norge  Baker» som byrjar på TV3 10. mars. Gjett om eg gler meg! Eg heiar på deg, Anne Brith!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kaker, Søt dessert, Søtt og godt | Tagged , , , , , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Basis: enkle muffins

  1. Berit sier:

    Har du prøvd med banan i røra?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *