Laurdagslunsj: Pannekakesveler!

12 Flares Twitter 1 Facebook 11 Pin It Share 0 Filament.io 12 Flares ×
Print Friendly

I dag er det laurdag og vi har god tid til å kose oss med lunsj i lag. Då kjem eg og minikokken til å diske opp med desse herlege «pannekakesvelene» som alle likar så godt! Her på Sunnmøre er dei sunnmørske ferjesvelene høgt elska. Eg trur alle kan å lage sveler og dei fleste har kosa seg med svele på ei eller anna ferjestrekning på veg til eller frå ein stad. Oppskrifta eg presenterer i dag er ein slags mellomting mellom sveler og pannekaker. Den oppstod ein gong 5-åringen var sjuk og vi hadde heimedag. Ho hadde lyst på sveler, men vi mangla nokre ingrediensar. Desse «pannekakesvelene» (som ungane kallar dei) er fine til lunsj, til kvelds eller endåtil på bål i skogen eller i fjøra – så sant ein har steikeplate, ja!

lappar1

 

«Pannekakesveler» (nok lunsjkos til 5 svoltne, store og små)  

6 egg

1 1/2 dl sukker

5-6 dl mjølk (kan godt vere mjølk av ymse kvalitet, bland gjerne både søtmjølk, kefirmjølk og restar av rømme, creme fraiche etc. )

ca 8 dl kveitemjøl – bruk gjerne speltmjøl eller bland kveitemjølet med litt grovkveite

3 ts bakepulver

1 toppa ts kardemomme

1/2 ts salt

PS! Om du vil lage ekte, sunnmørske fergesveler så finn du oppskrift på det her! 

Slik gjer du det:

Pisk egg og sukker, det treng ikkje å verte eggedosis. Tilsett mjølk og mjøl vekselvis. Ha i bakepulver, kardemomme og salt heilt til slutt. Rør det godt inn.

Steik «pannekakesvelene» på middels til svak varme i ei steikjepanne. Har du ei god steikjepanne treng du kanskje ikkje å bruke smelta smør, men om du er redd for at det skal brenne seg kan du ha i litt til å byrje med. Du treng ikkje å ha smør i steikjepanna for kvar «pannekakesvele» du steikjer.

La røra stå og svelle i 30 minutt før det tek til med steikinga.

Bruk spiseskei når du har røra på panna. Hugs at «pannekakesvelene» ikkje skal vere så store. Omtrent på størrelse med amerikanske pannekaker.

lappar3

 

Når pannekakesvelene er ferdigsteikte må du legge dei på ei rist med eit klede over og la dei kjøle seg ned litt. Legg dei opp på kvarandre på eit fat når du serverer. Og om du har sjuke, små prinsesser i hus, blir ein alltid mykje fortare frisk om dei vert serverte med ei ballerina eller prinsesse på toppen!

lappar2

 

Sånn ser pannekakesvela til 5-åringen ut: masse godt smør, litt sirup og pittelitt sukker! 

Dette kan du også ha på pannekakesvelene:

* rømme og syltetøy

* brunost eller kvitost

* berre sukker, berre smør eller berre sirup

* lønnesirup

* sukker og blåbær

* til dessert: server dei lunkne med ei kule is og litt friske bær -nam, nam….

lappar

God laurdag til alle!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Frukost, Smårettar | Tagged , , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *