Basis: italiensk pizzabotn
Det karakteristiske med italiensk pizza er den tynne botnen. Du kan ha på kva som helst, men botnen må vere tynn. Det er sjølvsagt eit pluss om tomatane i sausen er av god kvalitet og osten på toppen er mozzarella. Det beste av alt er at det er få ingrediensar du treng for å lage ein svært god pizzabotn!
På bloggen kjem eg til å poste nokre oppskrifter som eg kallar «Basis». Dette er oppskrifter som er vanlege og som ein ofte kan ha bruk for. Fyrst ut er altså ei oppskrift på italiensk pizzabotn.
Italiensk pizzadeig (nok til to passe store, runde botnar)
8 dl kveitemjøl
3 dl lunka vatn
1 pose tørrgjær
1/2 ts salt
Alternativt: tilsett litt tørka krydderurter som minner om Italia
Ha mjøl, salt og tørrgjær i ein bolle. Tilsett vatnet og rør godt. Ta deigen over på benken og elt den godt. Legg tilbake i bollen, dekk med plast og eit klede, set på ein lun plass for å heve til dobbel størrelse, ca 30 minutt. Enkelt, ikkje sant?
Eg har eksperimentert litt med ulike typer tørrgjær, m.a. har eg prøvd pizzagjæra som er å få kjøpt i butikken. Det skal visst nok gjere deigen lettare å kjevle ut, meir elastisk og så skal ikkje deigen rivne så lett. Det kan hende dei har rett, folka på Idun, for eg kan skrive under på alt! Eg likar godt å bruke den!
Når deigen er ferdigeheva deler du den i to og kjevlar ut to botnar. Ha på det fyllet du likar best og steik på 250 grader i 10-12 minutt.
her i heimen likar vi og tynne pizzabunner
men vi brukar ikkje gjær og synes det blir best, faktisk