Peanut Surprise – muffins med ny smak!

48 Flares Twitter 1 Facebook 46 Pin It Share 1 Filament.io 48 Flares ×
Print Friendly

For ei tid tilbake såg eg eit bilete på internett av ein muffins med oreo og peanøttsmør. Etter å ha rydda brødskuffa tenkte eg at dette måtte prøvast. Kvifor? Jo, for her i huset innbiller ungane seg at dei likar nugatti, sjokade og peanøttsmør. Etter at eg har kjøpt inn bokser av ymse slag, er det visst ikkje så spennande likevel. Resultatet er at halvtomme bokser blir ståande i kjøkkenskuffa og ta opp plass.

I dag fann eg ut ein glup måte å verte kvitt alt dette klisset på. Eg kunne sjølvsagt ha kasta dei i bosset med ein gong, men eg likar ikkje tanken på å kaste mat. Så då vart det muffins med oreokjeks og peanøttsmør. Det vart også nokre variantar med nugatti og sjokade.

peanøttmuffins1

 

Peanut Surprise – muffins med oreokjeks og peanøttsmør (ca 15 muffins)

2 egg

1,5 dl sukker

50 g smelta smør

1,5 dl mjølk

3 dl kveitemjøl

2 ss bakekakao

1,5 ts bakepulver

0,5 ts salt

1 ts vaniljesukker

Oreokjeks (to kjeks per muffins)

Peanøttsmør (eller nuggati)

Pisk eggedosis av sukker og egg. Ha i dei andre ingrediensane og rør godt så du får ei klumpfri røre.

peanøttmuffinscollage

 

Start med å legge eit oreokjeks i botnen av ei muffinsform. Legg på ein 1/2-1 ts med peanøttsmør. Legg eit nytt kjeks på toppen, etterfulgt av 1 ts peanøttsmør.

Slå over muffinsrøre, passe på at det ikkje vert for mykje og at det renn litt nedover på sidene av oreokjeksa.

peanøttmuffinscollage1Steik muffinsane på 200 grader i 12-15 minutt. Når dei er ferdige set du dei forsiktig over på ei rist for avkjøling. Server som dei er, eller pisk litt krem og ha ved sidan av.

peanøttmuffins6

 

Dette er ein utruleg enkel muffins å lage. Nokre ungar og eit par ungdomar har vore testkaniner og tilbakemeldingane er litt ulike:

  • Dei som likte peanøtter meinte at muffinsane med peanøttsmør var best. 
  • Dei som ikkje tåler peanøtter hadde mest sansen for muffinsane med nugatti. 
  • Muffinsane med sjokade vart litt for klissete. 

peanøttmuffins7

Dersom du ikkje har sol og finevèr i vinterferien, så kan dette vere ein kjekk aktivitet i lag med ungane! Medan vi stod ved kjøkkenbenken og laga muffins kom jentene på at vi kanskje kan droppa kakaoen, bruke Ballerinakjeks og legge friske bær mellom kjeksa. Det skal vi jammen prøve neste gong! Har du eit godt tips til noko vi kan fylle muffinsane med?

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kaker, Søt dessert, Søtt og godt | Tagged , , , , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Peanut Surprise – muffins med ny smak!

  1. Torill sier:

    Det var veldig oppfinnsomt. Og så vakkert mønster inni muffinsen. Kan tenke meg det er mektig og godt. Min muffinsfavoritt er rabarbra og vaniljekrem. http://www.pickles.no/rabarbramuffins-uten-like/ Her har du den!

  2. Tilbaketråkk: Basis: enkle muffins | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *