Heimelaga lasagne

23 Flares Twitter 2 Facebook 21 Pin It Share 0 Filament.io 23 Flares ×
Print Friendly

No i desse «hestetider» kan det kanskje vere på sin plass å snakke litt om det å lage mat frå botnen av. I alle fall for dei som er opptekne av å vite kva dei et. Dei som stiller krav til smak. Dei som tenkjer på at maten skal vere så næringsrik som råd. Men berre så det er sagt; det er absolutt ikkje farleg å ete hestekjøt – stort sett, i alle fall. Men eg forstår godt dei som føler seg lurt når dei kjøper ferdig, frosen lasagne som m.a. inneheld hestekjøt. Eg skal på ingen måte vere fordømmande. Av og til er slike produkt det einaste ein har tid til. Eller råd til. Men det er sjeldan at slik mat er ein gourmetoppleving. Personleg synest eg at ferdigprodukta til både Findus, Toro etc ikkje smakar godt. Ikkje er eg særleg begeistra for halvfabrikatprodukta til Knorr og Toro heller.

I dette blogginnlegget vil eg vise at det å lage heimelaga lasagne ikkje er verken vanskeleg eller særleg tidkrevjande.  Eg har laga denne lasagnen i fleire år og den har alltid vore ein suksess. For å «pimpe» den litt opp, nyttar eg meg av ein  Hellstrøm-variant der eg tilset stjerneanis når kjøttsausen kokar.

lasagne

 

 

H e i m e l a g a   l a s a g n e   (stor porsjon), 200-225 grader i 35-40 minutt

Kjøtsaus

3-4 ss olivenolje

2 gulrøter, finhakka

2-3 fedd kvitløk, finhakka

2 løk, finhakka

2 stilkar stangselleri, finhakka

2 stjerneanis, heile

2 laurbærblad, heile

800 g karbonadedeig

2 bokser hermetiserte plommetomatar

2 ss fond (kalv eller kylling går bra)

Salt og pepar

15-20 Barilla lasagneplater

Skrell løken, kvitløken og gulrøtene og skjær dei i små bitar. Vask stangsellerien og skjær den i små bitar. Varm olivenolje i ei gryte og ha i grønsakene. La dei surre på middels varme i 2-3 minutt. Dei skal verte gylne og mjuke.

Brun karbonadedeigen i ei anna panne, bland til slutt med grønsakene. Ha i stjerneanis, laurbærblad og dei hermetiserte tomatane. La kjøtsausen koke så lenge du har tid til; minimum 1/2 time og maksimum to timar. Når sausen er ferdigkokt tek du ut stjerneanisen og laurbærblada.

Medan kjøttsausen kokar lagar du den kvite ostesausen.

Kvit ostesaus

120 g smør

80 g kveitemjøl

8-10 dl mjølk

50 g parmesan

50 g cheddar

Smelt smøret og bland med mjølet. Tilsett mjølka og rør godt heile tida medan sausen kokar opp. La sausen koke til den har tjukna (2-5 minutt). Kor mykje mjølk du skal ha i sausen er avhengig av kor tjukk du vil ha den. Vi likar ein tjukk og god saus, så eg brukar ikkje meir enn ca 8 dl. Når sausen har kokt ferdig set du den til side og har i den rivne osten. Dersom du er veldig glad i ost, kan du godt bruke meir!

lasagne2

 

Når både kjøttsausen og den kvite sausen er ferdig, er det klart for å ha lasagnen i form. Eg gjer det på denne måten:

  • Smør forma med litt olje.
  • Legg eit lag med lasagneplater i botnen.
  • Legg over eit lag med kjøttsaus.
  • Ha over kvit ostesaus.
  • Nytt lag med lasagneplater.
  • Nytt lag med kjøttsause.
  • Nytt lag med lasagneplater.
  • Dekk med resten av den kvite ostesausen på toppen.
  • Dersom du har osterestar kan du godt strø over litt ost.

Steik lasagnen på 200-225 grader i 35-40 minutt. 

lasagne1

 

Å ete lasagne utan parmesan går rett og slett ikkje her i huset. I tillegg til å ha parmesan i ostesausen og på toppen av lasagnen (av og til har eg det faktisk i kjøttsausen òg!), må vi alltid ha ein bit parmesan på bordet slik at ein kan raspe over litt etter kvart som ein et. Legg osten på eit lite fat med eit minirivjern, så ordnar gjestane seg sjølve!

Server med frisk salat og godt brød!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Sommarmat | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , | 6 Kommentarer

6 Responses to Heimelaga lasagne

  1. Jofrid Støbakk Alnes sier:

    Denne må prøvast, høyrest skikkelig godt ut 🙂 Flott blogg, forresten 🙂

  2. helga sier:

    Takk for god oppskrift! Dinne skal prøvast til middag idag med en liten vri der eg tek sitronskall i ostesausen og champinong/chili i kjøttsausen 🙂 berre fantasien som sett grenser!

  3. Tilbaketråkk: hjemmelaget øl | oppskrifterogkosthold.com

  4. Trine Bay sier:

    Vi prøvde ut oppskrfto igår kveld, og klarte nesten å følge den til punkt og prikke, men glemte helt å ha osten i ostesausen. Det gikk heldigvis greit å bare ha all osten på toppen. Hvor stor form pleier du å bruke? Hilsen ei som nettopp har lagd lasagne for første gang 🙂 (ps: vi blir nødt å ha denne oppskriften som gjenganger, veldig bra respons fra alle familiemedlemmer)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *