«Enestående» besøk på kjøkkenbenken – Chicken Satay!

47 Flares Twitter 1 Facebook 46 Pin It Share 0 Filament.io 47 Flares ×
Print Friendly

Anbefalt!

«På kjøkkenbenken» startar ein ny serie med innlegg der eg prøvar ut matrettar frå    matbloggkollegaene mine sine bloggar! Det er så mange fantastiske matbloggar der    ute og eg blir alltid inspirert når eg les om alt det spennande ein kan lage!  Alle «Anbefalt»-innlegga mine vil vere merka med logoen til venstre.  Førstemann ut er bloggen «Enestående mat» som er skriven av Anne Cathrine.

Min dyktige matbloggkollega, Anne Cathrine, skriv om mat på bloggen «Enestående mat». Kul dame, fantastisk mat, sjarmerande vesen og dyktig i alt ho gjer! I dag presenterer eg oppsrkifta hennar på «Chicken Satay med frekk agurksalat». Eg hadde klubbvenninner på besøk på torsdag og då laga eg dette. Eg var litt nervøs, må eg innrømme, for slik type mat har eg ikkje laga så ofte. Heldigvis avslørte praten kring bordet at dei flotte damene hadde sett pris på maten og at det smakte svært godt.

Anne Cathrine si oppskrift er basert på ingrediensar til ein person. Eg har moderert den litt og auka opp alt slik at det er nok mat til minst 10 vaksne personar. Supert om du skal saervere mat i eit selskap eller ha klubb med venninnene!

PS! Nederst i dette innlegget skriv eg om kokeboka «1 porsj.»som inspirerte Anne Cathrine til denne oppskrifta. 

Chickensatay

Chicken Satay med frekk agurksalat (nok til 10-12 vaksne) – stor porsjon! 

Denne retten vert servert med peanøttsaus, frekk agurksalat og jasminris. 

12 kyllingfilètar

2 ss karripulver

5 ss paprikapulver

3 dl ketchap manis (søt, tjuktflytande soyasaus)

2 dl solsikkeolje

Bland alle ingrediensane til marinaden i ein stor bolle. Skjær kyllingfilèten i porsjonsbitar og legg dei i marinaden. Anne Cathrine skjær filètane på langs slik at ho kan tre dei på spyd når ho steikjer dei, men med ein så stor porsjon hadde eg ikkje tid til å steikje dei på den måten. Legg kyllingen i marinaden og la den kose seg på kjøkkenbenken medan du lagar til resten av maten. Eg lot kyllingen ligge i to timar før eg steikte den. Om du er i tidsnød kan ein halvtime vere nok.

Steik kyllingbitane ei ei romsleg steikjepanna. Ikkje ha for mykje i panna. Dersom du vil gjere maten klar litt før gjestane kjem, så legg du den steikte kyllingen i ei eldfast form og set den i omnen for oppvarming rett før gjestane kjem.


Chickensatay1

 

Peanøttsaus (nok til 10-12 vaksne)

6 dl salte peanøtter

2 løk

8 dl kokosmjølk (to bokser)

1 raud chili utan frø

1 cm fersk ingefær, fint raspa

4 fedd kvitløk

ein håndfull fersk koriander, hakka

4 ss ketchap manis

1 ss karri

4 ss god kyllingfond

Finhakk løk og kvitløk og steik blank i litt olje. Rist peanøttene på høg varme til dei skiftar farge. Pass på at dei ikkje blir svidd. Kjør løk, kvitløk, peanøtter og resten av ingrediensane i ein foodprosessor til det blir ein fin, mjuk saus. Ha sausen over i ei kasserolle og kok i 20 minutt. Rør jevnlig. Smak til med litt salt om du synest sausen treng det, evt. litt meir ketchap manis om du vil ha ein søtare saus. Sausen serverast varm.

Frekk agurksalat (10-12 personar)

2 agurkar

1-2 rødløk

Saft av fire lime

4 ss sweet chilisaus

Dette er ein frisk, søt og syrleg salat som passar utruleg godt til den litt tunge og mektige peanøttsausen. Ta limesaft og  chilisaus i ei skål og bland det godt. Bruk ostehøvel til å skjære agurken i tynne skiver. Skjær tynne strimlar av løken. Bland agurk og rødløk i ei passe stor skål, slå over marinaden og vend forsiktig. Set agurksalaten i kjøleskapet før servering. Den kalde salaten vart prikken over i`en for meg! Den kompletterte alle dei andre smakane på ein fantastisk måte! Salaten kan serverast til mange forskjellige rettar. Eg ser for meg at den må smake nydeleg til fisk!

Chickensatay2

Server Chicken Satay med peanøttsausen, agurksalaten og god jasminris. Isvatn med sitronskiver passar perfekt som drikke til maten!

Anne Cathrin har latt seg inspirere av kokeboka «1 porsj. – god mat til en person eller gang opp og lag så mange du ønsker» av Kristine Lillevik, Guri Neby og Morten Brun. Boka er utgitt på Messel forlag og forlaget sjølv skriv dette om boka:

«Endelig en kokebok som er beregnet for EN. Perfekt til små, travle husholdninger. Når du skal spise et måltid alene, vil 1 porsj. inspirere deg til å forberede et godt, smakfullt, sunt og noen ganger ikke-fullt så sunt, måltid. Her er inspirerende oppskrifter fordelt på kapitler som Frokost, Retromat, Herremåltid, Nattmat, Svensktoppar, Egg, Salater, Supper og mye mer. Med denne boken blir det å spise alene aldri kjedelig. Skulle det ramle inn noen gjester, eller familien velger å bli hjemme allikevel – gang oppskriften med så mange du vil. Det er enkle regnestykker. Så lag mat til 1 eller til 100. God fornøyelse og vel bekomme!»

logo

Mammutsal er fantastiske greier og no får du kjøpt boka på Haugen Bok for kun kr. 129,-. LØP OG KJØP – anten du er «enestående» og bur åleine, eller om du har stor familie! Super gåve til hybelbuaren! Du kan kjøpe boka ved å klikke på denne lenkja.  Du kan lese meir om samarbeidet mitt med haugenbok.no i dette innlegget. 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under haugenbok.no, Kokebøker, Middag - kylling, Salat, Søtt og godt | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to «Enestående» besøk på kjøkkenbenken – Chicken Satay!

  1. AC sier:

    Så utrolig kult at du lagde dette til dine gjester 🙂 Og enda bedre at de like det så godt!

    Takk for link og anbefaling!
    Klem, AC 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *