Appelsinris – ein klassikar!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Ok då, så er det kanskje litt gammaldags, men appelsinris er ein utruleg god dessert!  Eg la ut ein liten teaser på Facebook i går og mange skreiv at dei hadde gode minner til denne desserten. Mange hadde laga dette på skulekjøkken i «gamle dagar», så kvifor ikkje leite fram denne klassiske desserten igjen?

Det er heilt sikkert mange som har risengryngraut til middag på laurdag. I alle fall har vi det her i huset. Og det blir alltid restar. Desse restane gøymer vi til søndag, piskar litt fløte, skjær opp ei appelsin og VIPS, så har vi ein god dessert! Det er nesten som riskrem, berre at ein puttar i litt appelsin.

appelsinris

 

Dette treng du:

  • restar av risengryngraut
  • 1-2 pakker kremfløte (kjem an på kor mykje graut du har og korleis du likar konsistensen på riskremen)
  • 2 ss sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1-2 appelsiner
  • sitronmelisse til pynt

Slik gjer du det:

Det aller viktigaste for denne desserten er at grautrestane vert sett raskt til kjøling. Dette er veldig viktig for mjølkeprodukt.

Pisk fløte, sukker og vaniljesukker til krem, ikkje for tjukk. Bland med grautrestane. Ta litt og litt fløte, heilt til du får den konsistensen du vil ha. Eg likar den best når den er litt «fluffy» og då treng eg meir fløte enn om konsistensen skal vere fastare.

Skrell appelsinen, del i båtar og skjære i mindre bitar. Dersom du vil gjere deg ekstra flid, fjernar du alt skalet og alt det kvite med ein god kniv, og så skjær du berre ut appelsinfilètane. Bland appelsinen i kremen. Pass på å ikkje få med for mykje av safta.

appelsinris1

 

Ha i porsjonsskåler, pynte med appelsinfilètar og sitronmelisse. Då eg skulle ordne til desserten min, hadde ungane ete opp alt som var att av appelsiner. Då pynta eg like godt med gul kiwi! Det var både godt og dekorativt!

appelsinris2

 

Appelsinris kan varierast på mange måtar. Appelsinene kan byttast ut med t.d.:

  • sjokoladebitar (Troika kan anbefalast!)
  • ferske jordbær
  • ferske bringebær
  • bitar av karamell
  • server appelsinrisen med karamellsaus
  • og mykje, mykje meir!

Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Søt dessert, Søtt og godt, Ukategorisert | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *