Ein ekte gla´laks!

28 Flares Twitter 1 Facebook 27 Pin It Share 0 Filament.io 28 Flares ×
Print Friendly

Eg møter ofte folk som seier at «…jammen vi har rett og slett ikkje tid til å lage skikkeleg middag!». For å vere heilt ærleg, så tenkjer eg det av og til sjølv òg. Særleg når eg er middagslei og ikkje har fantasi til å tenkje ut noko nytt og spennande.

I dag kjem eg med eit middagstips som vil sette prikken over i`en på ein kvardagsmiddag! Det er relativt få ingrediensar og tek om lag 20-30 minutt frå du set i gang med matlaginga til middagen står på bordet. Det skal ikkje meir enn litt laks, nokre grønsaker, creme fraiche og pesto til for å gjere ein kvardagsmiddag litt ekstra glamorøs!

laks

Dette treng du (fire porsjonar):

4 rause bitar laks, rå

Diverse rotgrønsaker, skrella og skorne i bitar (evt frosen wokblanding, om du ikkje har anna)

1 beger creme fraiche

Pesto (du lagar den enkelt sjølv, sjå oppskrift her – eller kjøp ein god pesto på glas)

Godt smør

Salt

Pepar, evt sitronpepar

Slik gjer du det:

Set omnen på 2oo grader. Legg grønsakene i ei eldfast form. Bruk ostehøvel og legg over nokre skiver med godt smør. Dersom du har ferske, rå grønsaker, kan det vere lurt å la dei stå ca 10 minutt i omnen før du legg på laksen. Pass på at grønsakene ikkje er skorne i for store bitar, då er det vanskeleg å få dei steikt på så kort tid.

Legg på laksen. Strø over salt og pepar. Legg over ein god klatt med creme fraiche og topp med pesto. Retten er no klar til å putte i omnen. La den stå  til laksen er ferdig, 15-20 minutt.

laks1

Tilbehør

Ein kan servere det meste som tilbehør til denne retten:

  • kokte poteter
  • råsteikte poteter
  • ris (gjerne villris)
  • bandspaghetti
  • couscous

Laksen kan også etast kun med grønsakene som tilbehør. Pynt på tallerkenen med litt ekstra creme fraiche og litt grøne urter.

laks2

 

Kombinasjonen av laks, creme fraiche og pesto er uslåeleg – lukke til!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - fisk, Sommarmat, Vegetar | Tagged , , , , , , , , , , , , , , | 4 Kommentarer

4 Responses to Ein ekte gla´laks!

  1. Bra blogg, Tove!

    Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til http://vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    • Tove sier:

      Så kjekk du er, Magne! Denne oppskrifta veit eg det er mange som set pris på og likar! Har fått utruleg mange gode tilbakemeldingar på den. Difor er det ekstra kjekt at du har plukka den ut til Lesernes VG i dag!

  2. Heidi Martinussen sier:

    Hei, dette hørtes godt ut. Min variant av denne er at jeg pleier å steke litt på grønnsakene i pannen med olje og litt honning over slik at de blir passe myke og får en god smak av honningen. Det er veldig godt med gulrøtter, løk, paprika og squash, så rører jeg sammen et glass pesto og et beger creme fraiche. Legger laksen på toppen av grønnsakene i en ildfast form og pestoblandingen på toppen. Ha en fin dag!
    Heidi

    • Tove sier:

      Det skal eg jammen prøve neste gong, Heidi! Tusen takk for tipset – no vart eg kjempeglad! God helg til deg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *