Vannbakkels – kjapp kaffimat!
Eg får av og til spørsmål frå lesarar som lurer på om eg har tips til rask og enkel kaffimat. Vannbakkels er god kaffimat som er utruleg enkel å lage og som ikkje tek så lang tid. Ingrediensane er heilt sikkert å finne på kjøkkenet ditt; smør, vatn, mjøl og egg. Det er alt du treng!
Det som er viktig å passe på er at egga har romtemperatur. Eit lite tips er å ha ei lita skål med egg på benken slik at du alltid har romtempererte egg.
Dette treng du:
2 1/2 dl vatn
125 g smør
125 g kveitemjøl
4 egg
Slik gjer du det:
Kok opp vatn og smør, la det putre til alt smøret er smelta. Tilsett mjølet og rør godt.
Når vatn, smør og mjøl har vorte ei jamn “deig”, skal du tilsette egga. Tilsett eitt egg om gangen og rør godt mellom kvar gong – det er veldig viktig! Deigen skal vere glatt og fin mellom kvar gong du har i eit egg.
Sett vannbakkels på eit bakepapirkledd bakebrett med skei. Steik ved 200 grader i 20-25 minutt. Ikkje opne døra på omnen undervegs, for då kan vannbakkelsa bli flate.
Avkjøl ferdige vannbakkels på rist.
Når vannbakkelsa har fått avkjølt seg, er dei klare til servering. Du kan gjere det på ulike måtar:
- Lag melisglasur og risle over vannbakkelsa. Ha gjerne i nokre dråpar romessens eller sitronessens.
- Del vannbakkelsa i to. Bland vaniljekrem og piska krem og legg på vannbakkelsa, legg på gode bær før du har lokket på toppen. Dryss over melis eller melisglasur. Om du ikkje har vaniljekrem kan du godt bruke vanleg krem.
- Pynt gjerne med sitronmelisse eller andre grøne urter.
Du kan også legge vannbakkelsdeigen flatt ut over bakeplata når du steikjer den. Mi gode venninne Ann Helen har dansk mann, og kan fortelje at i Danmark er det vanleg å lage “kakemann”. Då formar dei vannbakkelsen som ein kakemann på bakebrettet og så pyntar dei med melisglasur og godteri – supert i t.d. barneselskap!
Så om du får kaffigjestar på kort varsel, er vannbakkels noko som er fort gjort å lage! Det smakar overraskande godt og kan varierast på mange ulike måtar. Du kan også fylle vannbakkels med laks, eggekrem, appelsinkrem og mykje meir! Sjekk gjerne matprat.no si side om vannbakkels. Lenkja finn du her.
V e l b e k o m m e !
Hei Tove!
Bra oppskrift, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no
Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no
Hilsen Magne i VG
Så kjekt, Magne – tusen takk!
Dette er bakverk som er fint å servere til personer med diabetes ,da bruker jeg bare Stevia eller annen sukkererstatning i kremen. vekker alltid takknemlighet hos de dette gjelder. L.G
Ein har ofte så lett for å tenkje at det er vanskeleg å servere noko godt til ein som har diabetes, men vannbakkels er supert!
Form dem til “pølsebrød”, lag vaniljekrem og spøryt inn, så brer du over smeltet smør. Garanterer at de forsvinner raskere enn lynet…
Oj, så spennande tips, Morten!!! Det skal eg prøve!
Vannbakkels er supergodt! Eg brukar dei ofte til dessert, fyller med is, den isen du synst er best. Lag heimelaga sjokoladesaus og ha over og ein liten kremdott attmed, berre eit lite tips til ein måte å variere dei på 🙂
Kjempelurt tips, Sissel – tusen takk!!!
MAn kan også lage svaner av vannbakkels. Ser utrolig pent ut når man serverer det. Bare å lage avlange “klumper” og “2” tall med en sånn sprutepose. Stek dette som vanlig. Del “klumpen i to når den en avkjølt og legg krem/vaniljekrem på nederste del, eventuelt litt syltetøy eller bær også, deretter stikker du “2” tallet inn i kremen og deretter legg på øverste del. Utrolig lett, pent og slår ann i selskaper …
Oj, det høyrest utruleg flott ut! Det skal prøvast!
Hvor store lager du dem, ca hvor mange blir det?
Mvh
Tonje
Hei Tonje! Dei kan godt variere i størrelse, alt etter kva du skal bruke dei til. Som porsjonskaker brukar eg ei spiseskei som er litt meir enn halvfull med deig. Så set eg deigen på steikeplata. Dette blir passelege porsjonsformer. Det er berre å prøve seg fram! Du kan også spreie all deigen ut over bakebrettet (nesten som ein pizzabotn) og så rislar du over melisglasur og skjær du den i serveringsbitar.
Hei,
lurer på om du har noe på steikeplata? olje,smør o.l. eller bakepapir? eller setter du de rett på uten noe?
mvh
Senem.
Eg legg bakepapir på bakeplata! Mvh ToveHD