Spicy fiskegryte for kalde vinterdagar!
Kombinasjonen av kvit fisk, tomat, kvitløk, chili og olivenolje er ein vinnar hos meg. Ein kan sjonglere desse ingrediensane som ein vil og lage det mest utrulege. Alltid godt, alltid enkelt, alltid kjapt! Denne gryta oppstod fordi vi hadde behov for ei gryte å varme oss på etter ein kald tur på skøyteisen og vart dikta opp på bakgrunn av kva som var i kjøleskapet på dåværande tidspunkt.
Dette treng du:
6 rause bitar kvit fisk (eg brukte torsk)
4 poteter, i terningar
3 gulrøter, i terningar
1-2 purre, skjær i ringar
sukkererter
3 dl vatn
1 terning fiskebuljong
2 bokser hermetisk tomat, økologiske – fordi dei smakar meir!
4 fedd kvitløk
ein chili (utan frø)
2 dl olivenolje
salt
pepar
tørka krydderuter (eg brukte oregano)
Slik gjer du det:
Start med å sette på kok dei hermetiske tomatane i lag med vatn, poteter og gulrot. La det koke til potetene er møre, om lag 15-20 minutt. Ha så i finhakka kvitløk, purre, krydder, chili og 1/3 av sukkerertene (skjære dei på langs i rause bitar).
Når du tenkjer at alt er kokt og klart, deler du fisken i porsjonsbitar og legg den på toppen av innhaldet i gryta. Trykk fisken forsiktig litt ned i tomatsausen. La det heile putre forsiktig til du ser at fisken er ferdig. Anrett gryta på fat, strø over litt ekstra salt, resten av sukkerertene (skorne i skiver) og risle over god olivenolje.
Server med godt brød, foccacia eller kvitløksbrød eller flatbrød – gjerne med godt smør til!
Det tek ikkje meir enn 30 minutt å lage denne fiskegryta. Det passar fint når store og små sit svoltne ved bordet og ventar på mat!
Du kan sjølvsagt variere denne gryta i det uendelege;
- bland ulike fiskesortar
- dropp chili om du er redd det blir for sterkt
- ha olivenoljen i gryta før du serverer
- bytt ut potetene med bønner
Og sjølvsagt mykje, mykje meir.
Kvifor ikkje lage ei herleg fiskesuppe til kjærasten til Valentindagen? Ein piff chili vil heilt klart gjere susen!
PS! “På kjøkkenbenken” har fått seg eige domene, så det vert kanskje små endringar i tida framover. Pass på å endre adressa på bokmerka dine til paakjokkenbenken.com