Fru Øyehaug Ose si fikenkake!

4 Flares Twitter 0 Facebook 4 Pin It Share 0 Filament.io 4 Flares ×
Print Friendly

Av og til er ein så heldig å få smake noko ein ikkje har smakt før. Noko som overraskar, gleder og gir fantastiske smaksopplevingar. Og endå heldigare er ein om ein får tilgang til oppskrifta etterpå!

Det var på lesesirkel hos kollega Astrid at denne kaka kryssa min veg. Eg er eigentleg ikkje eit kakemenneske, men tok eit stykke likevel. Og gjett om eg er glad for det! Ho serverte nemleg fikenkake som mor hennar hadde laga. Mor til Astrid er ei av dei flottaste damen i bygda! Alderen skal eg ikkje røpe, men vi kan trygt seie at ho er ei godt vaksen dame! Og ho hadde altså laga fikenkake til Astrid som vi fekk servert i lag med den gode bokpraten denne kvelden.

Livet har lært meg at det slettes ikkje er alle oppskrifter ein får lov til å arve. Nokre skal vere hemmelege for alltid eller berre bli gitt vekk til medlemmar i familien. Men etter å ha spurt fint, så vart eg altså den heldige innehavar av Fru Øyehaug Ose si oppskrift på fikenkake!

Det er vel kanskje mange som har fiken liggande etter jula, så då kan det passe godt å lage fikenkake til søndagskaffien i morgon!

Dette treng du:

2 egg

200 g sukker

100 g kveitemjøl

1/4 ts bakepulver

100 g rosiner

300 g tørka fiken

100 g mandlar

1/2 ts salt

Slik gjer du det:

Smør ei lita brødform godt og dryss i semulegryn.

Skjær fiken i tynne skiver. Ta gjerne vekk den litt harde enden på stilken.

Mal eller finhakk mandlane, ikkje for smått.

Pisk egg og sukker til eggedosis.

Bland så alle ingrediensane i eggedosisen. Bruk slikkepott og vend alt forsiktig inn.

Slå røra i brødforma.

Kaka skal settast inn i kald omn. Set temperaturen på 140 grader og steik i 80-100 minutt. Kjenn etter med ein steikepinne når det har gått 80 minutt. Er det framleis litt rå røre på pinnen, så let du kaka stå litt til.

Når kaka er ferdig let du den avkjøle seg litt i forma før du vender den over på ei rist. Du må gjerne doble eller tredoble denne oppskrifta når du fyrst seg i gong å bake. Den er fin å fryse ned, så har du litt på lur om du får overraskande kaffibesøk ein dag.

Ein skal vere litt forsiktig med å endre på slike dyrebare oppskrifter, men eg tillot meg likevel å gjere nokre endringar:

  • Eg droppa rosinene, då eg ikkje er så glad i rosiner i kaker og bakst – det gjekk heilt fint!
  • Eg dobla oppskrifta og laga to kaker, men erfarte at det slettes ikkje er naudsynt å doble sukkermengda. Neste gong eg lagar den er det heilt sikkert nok å bruke 300 g sukker til dobbel røre – den blir søt nok likevel!
  • Eg hadde ein liten rest att med brunt sukker og bytta difor ut litt av det kvite med brunt – det gjekk heilt fint!
  • Eg hadde for store brødformer, så mine kaker vart litt lave. Det gjorde absolutt ingenting, men neste gong skal eg bruke nokre litt mindre former.

Det kan kanskje tenkast at ein kan bytte ut fiken med t.d. aprikos, kanskje kan ein også kombinere aprikos og fiken. Det får eg prøve ein annan gong!

Kaka kan serverast anten som kaffimat eller dessert. Smakar nydeleg med god vaniljeis til. 

No kosar eg meg i godstolen etter å ha rydda ut jula. Og då smakte det godt med eit stykke kake og ein kopp te! God laurdag til alle!

L  U  K  K  E     T  I  L     M  E  D     B  A  K  S  T  E  N   !

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Jul, Kaker, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Fru Øyehaug Ose si fikenkake!

  1. Maj-Britt sier:

    Dette så godt ut! Skal jeg jammen prøve, selv om jeg som deg ikke er noe utpreget kakemenneske. Elsker forøvrig nynorsken din 🙂 Og bildene…og oppskriftene…ja, hele bloggen, faktisk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *