Frisk start på året: APPELSINSALAT
Etter mange dagar med julemat og dessertar, skal det jammen meg verte godt med litt anna type mat. Her kjem ei oppskrift på ein kjapp salat med appelsin. Den smakar nydeleg som tilbehør til grillmat ein varm og god sommardag, eller som kveldsmat ein nyttårsdag full av løfter om sunn mat og enklare kosthald!
Dette treng du:
Hjertesalat (du kan bruke annan type salat – ta det du har)
Ruccola
Tre-fire appelsiner (ha ei ekstra appelsin til å presse ut saft)
Kjerner frå eit granateple
Rista pinjekjerner
Appelsinsaft og olivenolje til dressing
Slik gjer du det:
Legg ingrediensane lagvis i rekkefølga som står i oppskrifta: først vanleg salat, så ruccola og til slutt appelsinskiver utan skal. Skjær topp og botn av appelsinene slik at den står stødig. Skjær så av skalet med ein skarp kniv. Anrett på eit stort, vidt fat. Legg appelsinene i fint mønster over salat og ruccola.
Granateple gir ein liten julesmak på salaten. Del granateplet i to (på tvers) og skrape ut frøa. Legg granateplet med snittsida til eine sida og rull frukta att og fram. Då vil frøa losne og lande på fjøla. Det vil kanskje renne litt saft når du held på med dette, så bruk gjerne ei fjøl med kant som samlar på all safta. Strø kjernene raust over salaten.
Til slutt ristar du pinjekjernene. Medan dei kjøler seg litt ned på panna, blandar du appelsinsaft og litt olivenolje. Ha i pittelitt maldonsalt og grovkverna peppar og slå dressingen over salaten. Strø pinjekjernene over til slutt.
Dette er for meg ein sommarleg salat, men både appelsin og granateple har juleassosiasjonar for meg. Denne salaten er t.d. supert følge til kalkunmiddag eller eit herleg måltid med torsk.
Mmmm! God idé. Satt akkurat og tenkte at det eneste man har lyst på til middag etter 1 uke med fett og flesk, er et glass vann med en sitronskive oppi. Men denne salaten fristet mer enn bare vann, altså 🙂
Pingback: Glasert sommarskinke | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause målPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål
Pingback: Korean beef over ricePå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål