Sticky Cinnamon Buns – søtt og syndig!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

LSticky Cinnamon Buns er vel eigentleg ei ekstra søt utgåve av gode, norske kanelbollar. Som med mykje av det som er amerikansk, så er det ikkje spart på godsakene. For å lage Sticky Cinnamon Buns brukar du ei heilt vanleg bolleoppskrift. Ta ei oppskrift du er nøgd med, eller bruk oppskrifta mi som du finn her.

Slik gjer du det:

Set omnen på 250 grader. Lag gjærdeigen som vanleg. Bland mjukt smør, kanel og sukker. Kjevle så ut ein leiv og smør med sukker/kanel-smøret. Når du har rulla leiven og delt den inn slik du vanlegvis gjer, så skal ikkje kanelbollane over på ei bakeplate, men ned i ei eldfast form. I botnen på den eldfaste forma skal du smøre utover ei blanding av brunt sukker og smør – og ja, då meiner eg smør! Slik gjer du det:

Smelt ei raus mengd smør forsiktig i ei panne. Eg brukte om lag 300 gram. Når smøret er smelta har du i brunt sukker, ca 250 gram. Bland dette godt, gjerne med ein handmiksar. Slå så dette i den eldfaste forma (eg brukte to store former).

Legg så kanelbollane til etterheving på toppen av det brune sukkeret og smøret. La etterheve i ca 1/2 time.

Steik ved 250 grader i 15-17 minutt.

La bollane kjøle seg litt ned før du serverer dei. Amerikanarane brukar nok meir smør i lag med brunesukkeret enn eg gjorde, for der er ofte blandinga mykje meir flytande når den kjem ut av omnen. Dei brukar å slå over den «sticky»  krafta som er i botnen av forma. Hos meg vart det ikkje så mykje flytande att, men eg kan love at det som låg att i forma var svært populært å få på tallerkenen likevel…

Desse bollane kan god serverast som dessert, gjerne med litt is som tilbehør. Og så må ein ha god kaffi eller iskald mjølk å drikke, for dette er mektige saker!

Om du vil ha ei ekte amerikansk oppskrift på Sticky Cinnamon Buns, så finn du to gode her og her.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Dessert, Søtt og godt | Tagged , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Sticky Cinnamon Buns – søtt og syndig!

  1. monica sier:

    Fins ikke noe bedre en nystekte kanel boller og disse så kjempe gode ut 🙂 Godt nyttår til deg 😉

  2. Rita S. F. sier:

    Mmmm… dette skal bakes til helga-garantert:) Mye fine oppskrifter i bloggen din!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *