Scones med smak av jul

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Å kunne servere fersk bakst på frukostbordet er alltid populært. Scones er enkelt å lage og krev ikkje heving, difor er det fort gjort å lage ein deig når ein står opp og ha lune scones på bordet når resten av huset står opp til frukost.

No i jula har eg hatt litt ekstra julesmakar i deigen når eg har laga scones. For det fyrste har eg brukt osterestar, både cheddar og edamer, og eg har hatt i ekstra julekrydder. Eg brukte pittelitt nellik, men ein kan også bruke safran eller allehånde.

 

Dette treng du:

5 dl kulturmjølk

9 dl kveitemjøl

100 g romtemperert smør

1 ts salt

1 ss sukker

1 1/2 ss bakepulver

1/2 ts nellik, allehånde eller safran

raspa ost (så mykje du vil, spar gjerne litt til å strø på toppen)

Slik gjer du det:

Set steikeomnen på 250 grader. Bland alt det tørre i ein bolle og smuldre inn smøret. Ha i raspa kvitost. Vend inn kulturmjølka og rør til du får ein fast deig. Du kan anten ha mjøl på benken og rulle fine scones som du så trykkjer litt flate etter at du har sett dei på bakebrettet, eller du set sconesa rett på bakebrettet med ei skei. Deigen er gjerne litt klissete, så det siste er som regel det eg brukar å gjere.

Strø over litt ost før du set brettet med scones midt i steikjeomnen på 250 grader i 12-14 minutt. Dei skal vere gylne og fine på farge når dei er ferdige.

Dersom du ynskjer grovare scones kan du bytte ut noko av kveitemjølet med grovkveite eller speltmjøl. Vil du ha meir julesmak, kan du godt tilsette nøtter av ymse slag.

Eg var så heldig å få «Clotted Cream» og engelsk jordbærsylte med ein kollega til jul. Anglofil som eg er, så var sjølvsagt dette ei av dei kjekkaste julegåvene! Det er litt vanskeleg å forklare kva «clotted cream» er for noko, men blir ofte forklart som tjukk krem. Ein tek fløte og varmar den opp med bruk av damp (indirekte varme/koking, vannbad) og så let ein kremen få kjøle seg sakte ned i store, vide panner. Når kremen er ferdig avkjølt vil fløteinnhaldet, eller den tjukke kremen flyte opp til overflata som små «klattar». Engelskmenn brukar clotted cream på scones i lag med syltetøy (jam). Nokre har det også i teen sin. I USA vil clotted cream ofte verte referert til som eit slags smør.

Ferske scones på frukostbordet nyttårsafta eller 1. nyttårsdag vil vere ein ubetinga suksess – lukke til! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Frukost, Jul | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *