Julesnacks – salt og godt!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det er så utruleg kjekt å få vere med på å skape nye tradisjonar! I fjor inviterte vi heile familien på julelunsj og nissefest på låven på julaftan. Rundt klokka 12 troppa små og store nissar opp på låven og venta på nissefar. I år gjorde vi akkurat det same. Settingen var den same og folka akkurat dei same, men menyen var litt endra (mest for å gjere det enklare for meg…). I fjor serverte eg julegraut og gløgg, i år hadde eg altså ein annan idè.

Idèen fann eg hos ein av dei mange dyktige bloggarane på matprat.no sin bloggportal. Eg hugsar ikkje kven sin blogg det var, men om rette vedkomande ser dette så blir eg kjempeglad om du tek kontakt slik at eg kan nemne det i innlegget mitt!

Menyen bestod rett og slett av flatbrød, kald rømmegraut, spekeskinke, fenalår, mår og litt grønt til pynt.

Denne «småmaten» eignar seg godt i jula. Ein har som regel litt godt pålegg i hus og kan i ein fei lage litt enkel mat om ein får gjestar. Rømmegrat er det vel ikkje sikkert at du har, men då kan du evt. erstatte grauten med god rømme.

Dette brukte eg då eg laga julesnackset eg serverte på julaften formiddag:

  • Rørosflatbrød
  • Fenalår
  • Spekeskinke
  • Strandamår
  • Rømmegraut
  • Dill

Slik gjer du det:

Knekk flatbrødet i mindre bitar og legg på ei lita skei med rømmegraut. Legg så på pålegget og pynt med dill (eller anna grønt) til slutt. For meg er dette mat med lange tradisjonar i norsk mathistorie og passar difor godt inn i familien sin nye juletradisjon.

J   U   L   E   S   N   A   C   K   S

Eg trur den nye julematen vart populær! Den vart servert på langbord på låven. Som drikke til serverte eg mørkt juleøl til dei som ville ha det og julebrus til dei som ynskte det. I tillegg fekk dei prøvesmake ripslikøren eg laga i haust.

Og til slutt kom sjølvsagt nissefar og nissemor på besøk!

G   O   D      J   U   L      T   I   L      A   L   L   E   !

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Haustmat, Jul, Smårettar, Sommarmat, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Julesnacks – salt og godt!

  1. britadiktermat sier:

    Kjempefine matbilder du har her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *