Fløtekarameller til jul!
Helgefreden har senka seg i heimen og vi konstanterer at vi kom i mål – nok ein gong! Sjølv om eg har laga mindre mat og førebudd jula mindre enn nokon gong, så vart det altså jul likevel. På bordet står eit fat med verdens beste fløtekarameller, og medan Narvestad herjar rundt på TV-skjermen går karamellene ned på høgkant!
Oppskrifta på karamellene har eg fått med konditormeister Annemari Erlbeck.
Fløtekarameller
250 gram fløte
250 g sukker
75 g smør
150 g honning
3 g salt
Bland saman alle ingrediensane i ei panne og kokk opp. Set i eit digitalt steiketermometer og la karamellmassen få koke til ein temperatur på mellom 118 og 124 grader. Dersom du ikkje har steiketermometer, så tek du karamelltesten (ha nokre dråpar karamellmasse i eit glas med iskaldt vatn, dersom dråpane stivnar er karamellene klar).
Kle ei eldfast form med bakepapir og slå i den varme karamellmassen. La stå til dei heile stivnar. Skjær i små bitar når den er stiv nok.
Du må gjerne doble oppskrifta, for desse forsvinn før du får sukk for deg!