Ein god start på dagen!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Nokre morgonar treng ein litt meir energi enn elles. Eller ein har berre lyst til å kose seg litt ekstra. I dag er det laurdag og to dagar att til jul. Det kan vere godt med ein ekstra god frukost då. I alle fall treng eg det om eg skal klare å få unna siste gjeremåla før jul. Ein god måte å starte slike dagar på er å ete heimelaga musli. Oppskrifta eg brukar er henta frå boka til Maria Hovtun (du kan lese om den her).

Dette treng du:

4 ss flytande honning

2 1/2 ss gyllen sirup

2 1/2 dl solsikkeolje

2 ss vaniljesukker

400 g store havregryn

75 g sesamfrø

75 g solsikkekjerner

75 g graskarkjerner

100 g mandlar eller mandelflak

100 g knuste hasselnøtter

100 g kokos

200 g rosiner

Slik gjer du det:

Smelt honning, sirup og vaniljesukker i ei panne (spar litt av honningen) og bland i havregryn, solsikkekjerner og graskarkjerner. Kle ei bakebrett med bakepapir og spre blandinga utover. Steik i omnen i 15 minutt på 180 grader.

Ta så ut bakebrettet og tilsett resten av honningen, nøttene og kokos. Steik vidare i 10 minutt. Rør om halvvegs i steikinga.

Ta ut bakebrettet og strø over rosinene. Steik i ytterlegare 5 minutt før du tek brettet ut og let blandinga få avkjøle seg.

Når muslien er heilt avkjølt tek du den over i ei tett boks og byrjar nedtellinga til neste frukost eller lunsj!

Det er mange frukostblandingar å få kjøpt i butikken, men det blir alltid ekstra godt om ein lagar den sjølv. Det er lett å lage og du kan bruke dei ingrediensane du likar best. Denne frukostblandinga kan du også lage glutenfri. Om nokon i familien har nøtteallergi kan du bytte ut dei med noko anna.

Til kvardags er mjølk fint følge til frukostblandinga, men det må nemnast at vaniljeyoghurt over fruksotblandinga set ein ekstra spiss på måltidet!

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukost, Ingrediensar, Søtt og godt | Tagged , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *