«Feelgood»-bok av Maria Hovtun

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

        Dette innlegget er skrive som ein del av mitt samarbeid med haugenbok.no. Meir om dette samarbeidet kan du lese om her.     

 

SJARMERANDE BOKGÅVETIPS TIL ALLE SOM ER INTERESSERTE I MAT OG INTERIØR! 

Boka «Maria kokkelerer, inviterer og organiserer» er ei typisk «feelgood»-bok. Boka vart gitt ut på Aschehoug forlag i 2011 og blei raskt ein favoritt her i huset. Det er nemleg slik at matbloggarar òg har andre interesser, som t.d. interiør. Maria si bok har vorte eit fast innslag i laurdagsfrukosten her i huset; etter at ungane har takka for mat og gått frå bordet sit eg og husbonden att med kvar vår kopp kaffi. Han les avisa og eg kikar i boka til Maria.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kven er så Maria Hovtun?

Maria er utdanna interiørdesigner og har teke lærarutdanning. I tillegg har ho teke fleire kurs innan kosthald og ernæring. Ho er fødd og oppvaksen på ein prestegard i Molde, men bur i dag i Oslo i lage med mannen sin og dei fire borna deira.

Boka hennar er delt i tre ulike delar; ein del der ho deler gode oppskrifter med lesarane og ein del der ho kjem med grunnleggande råd og tips om ein vil invitere til fest eller ein god middag. Siste delen handlar om korleis ein kan organisere kvardagen for å gjere det litt lettare for seg sjølv – anten ein skal arrangere stor middag og dekke eit fint bord, strikke noko fint, korleis lappe kle eller berre gi ei gåve til nokon. Sjølv om eg finn inspirasjon i alle dei tre delane, så er det matdelen eg vil konsentrere meg om i dette innlegget. I forordet seier Maria:

«Jeg nyter mat med alle sanser og koser meg med hele prosessen fra planlegging til maten settes på bordet. Jeg er glad i og fascinert av norsk tradisjonskost fra kysten og innlandet. Jeg har hatt stor glede av å børste støv av mor og mormors gamle oppskrifter og sette disse kulturskattene inn i en moderne kontekst.»

Det fyrste som slo meg då eg byrja å lese og bla i boka, var at vi har veldig lik matfilosofi. Vi er frå same fylke og har nok heilt sikkert vakse opp med dei same verdiane og tradisjonane når det gjeld mat. Det er ikkje berre det å ete maten som er viktig, men alt rundt – planlegging, organisering og gjennomføring. Tenk berre så kjekt det er å planlegge eit godt måltid, invitere familie eller gode vener, dekke eit fint bord og sørge for at menyen er komponert slik at den tiltaler både auge og smak.

«Undervurder aldri betydningen av et godt måltid sammen med familie og venner. Å sitte ned rundt et hyggelig dekekt bord med noen man liker å være sammen med. Spise, drikke, samtale. Le, drøfte, kommunisere. Det gir så mange flere inntrykk og minneverdige øyeblikk enn de som inntas foran fjernsynet eller stående ved benken. Å sitte sammen ved et bord – bryte brød og drikke vin, har ført mennesker sammen i generasjoner» (frå forordet i Maria si bok).

Maria har rett og slett laga ei bok om alt det som begeistrar henne; familielivet, vertinnerolla, planlegging og organisering av selskap og middagar, borddekking og blomster. Sjølv om bileta i boka frå den fantastisk flotte heimen hennar er langt unna mi «vesle stove», så smittar likevel Maria si begeistring over på meg som lesar. Oppskriftene hennar er enkle og har stort sett ingrediensar som du finn i butikken, anten du handlar på ein eksklusiv matbutikk i Oslo eller på Coop-markedet i ei lita bygd langt nord i landet. Det er det eg likar så godt med oppsrkiftene hennar; dei er ujålete, enkle, kvardagslege og har ingrediensar som er tilgjengelege for alle.

Ei av favorittoppskriftene mine er Maria sin heimelaga musli. Eg har laga fleire ulike variantar av musli, men endar alltid opp med å meine at denne er best.

«Klin kokos kyllingsuppe» er ein av middagsfavorittane. Dette er ei god suppe å varme seg på når dagane vert korte og temperaturen kryp lenger og lenger ned på gradestokken.

Dei som har fulgt bloggen min ei stund, veit kor glad eg er i fisk. Det er diverre sjeldan ein tek seg tid til å lage fiskekaker frå botnen av, men når Maria viser oss kor enkelt det er, så må ein berre prøve!

Det fine med dei aller fleste oppskriftene i boka er at dei tek relativt kort tid å lage. Eg får ofte tilbakemeldingar frå lesarar som ynskjer gode oppskrifter på middagsmat ein kan lage i ein fei, men som likevel er både sunne og velsmakande. Oppskrifta på «Kylling i kefir» kan førebuast kvelden før. Då legg du kyllingen i ein marinade av kefir, rømme og fløte. Når du kjem heim neste dag er det berre å tilsette dei andre ingrediensane og steikje i omnen i 20 minutt.

Boka inneheld oppskrifter på mat til ulike anledningar, som venninnelunsj, babyshower, sommarlunsj, barneselskap, familiemiddagar, frukostar og familiesøndagar. Forfattaren viser korleis du på ein enkel, men stilfull måte, kan dekke bord og arrangere selskap, og har tips om venninnegåver , innpakking, blomster og aktivitetar.

Eg likar godt at Maria pyntar med stil. Det er sjølvsagt mange måtar å pynte på, men så lenge du får gjestane til å føle seg velkomne så har du lukkast!  Når eg les om korleis Maria serverer «Afternoon tea» til familien sin på fredagar, så vert eg varm om hjartet! Etter å ha budd i England har eg vorte svak for snittar og sandwichar. I boka si kjem ho med fleire forslag til kva ein kan servere om ein vil ha sin eigen afternoon tea eller berre invitere gode venninner på lunsj.

Mat, interiør og gode tips går hand i hand gjennom Maria si bok. Det er det som gjer det til ei fryd å lese boka! Det er ein nytelse å bla seg gjennom dei 240 sidene i boka. Biletmaterialet er verdt rosande omtale i seg sjølv! Stine Moen (Studio Vest), Sølvi Dos Santos og Signe Dons er illustratørar i boka og skal ha all ære for det fantastiske biletmaterialet. Pernille Wille Våge, med røter i vakre Hjørundfjorden i heimkommunen min, har vore formgjevar i boka og har samarbeidd med Maria om idè og konsept. Pernille er grafisk designer og har etter mi meining lukkast svært godt med å designe ei bok som appellerer til både matglade og interiørglade.

Skjønne Maria har sendt meg ei helsing som eg vil dele med alle lesarane mine!

KORT OM INNHALDET I BOKA SINE TRE DELAR:

Maria kokkelerer: musli, smoothie, snitter, matpakke, syltetøy, frokost på senga, kvardagsmiddag, afternoon tea

Maria inviterer: jentelunsj, babyshower, sommarlunsj, pinkparty (barneselskap), familiesøndag, hundegalskap, ungane inviterer til selskap i leikestova

Maria organiserer: gåver og innpakking, «gi-vekk-skuffe», penn og papir, huskelister, nål og tråd, knappebok, stoppe og lappe, jeansteppe, scrapbok, borddekking, grøng bord, favorittblomar

Om du har lyst å gi vekk ei inspirerande bok til ei mamma, ei syster eller ei god venninne, så er denne absolutt å anbefale! Og du burde så absolutt ynskje å ha den sjølv. Dette er ei super «coffee table»-bok som du vil elske å bla i!

Boka kjøper du på haugenbok.no. Klikk på denne lenkja for å kome direkte til boka. 

Haugen bok er Noreg sin absolutt raskaste bokhandel på nett! Fantastisk service og fri frakt betyr mykje for kundane! 

Dersom du vil sjå meir av det Maria Hovtun held på meg, kan eg anbefale nettstaden hennar; MariaLifestyle.com

Biletet av Maria i rosa skjorte har eg lånt her og biletet av Maria i døropninga har eg lånt her. Resten av bileta har eg teke sjølv.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under haugenbok.no, Kokebøker, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to «Feelgood»-bok av Maria Hovtun

  1. Tilbaketråkk: Ein god start på dagen! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *