Muslibar a´la Erlbeck

2 Flares Twitter 0 Facebook 2 Pin It Share 0 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Forrige helg var eg i Oslo i lag med dei andre «Matbloggerne» på matprat.no. Desse samlingane er alltid fulle av høgdepunkt og det kan eg jammen seie om denne òg! Laurdag formiddag var vi så heldige å få treffe Annemari Erlbeck, Norgesmeister i konditorkunst. Ho er godt kjend for alle som er opptekne av konditorfaget. Annemari hadde eit aldri så lite «konditorkurs» for oss og kom med mange gode tips til søtsaker ein kan lage til jul. Blant anna fekk vi oppskrift på ein fantastisk god muslibar, som vi sjølvsagt skulle få lov å dele med blogglesarane våre! Denne er fin å lage og gi vekk i gåve til jul, eller ha som noko søtt til kaffien eller som energimat når ein er ute på tur.

Her er oppskrifta, signert Annemari Erlbeck:

Muslibar (stor oppskrift)

  400 g honning

400 g fløte

200 g rosiner

200 g aprikos

200 g graskarkjerner

100 g valnøtter

100 g solsikkefrø

100 g sesamfrø

 

Slik gjer du det:

Mål opp honning og fløte, ha i ein kjele og kok opp. La det koke til blandinga får ein temperatur på 118 grader (jepp, konditorar er svært nøyaktige…). Dersom du ikkje har termometer kan du rekne at blandinga må koke i ca 40 minutt for å få rette konsistensen.

Veg opp graskarkjerner, valnøtter, solsikkefrø og sesamfrø og legg dei i ei bakepapirkledd langpanne. Del gjerne opp valnøttene til litt mindre bitar. Set i omnen på 180 grader i ca 20-30 minutt. Frøa og nøttene skal verte gylne og godt rista.

Del aprikosene opp til mindre bitar og legg dei i ein raus bakebolle i lag med rosinene.

Når blandinga med nøtter og frø er ferdige tek du dei ut av omnen og set dei til kjøling på benken. Ha dei så i bollen i lag med rosiner og aprikos. Lag klart eit nytt bakepapirkledd bakebrett. Når fløte og honning har fått rett temperatur, slår du det raskt over blandinga som er i bakebollen. Bland godt og slå alt over på bakebrettet. Spre blandinga godt ut over bakebrettet. Sett til kjøling (helst ikkje kjøleskap).

I følge Annemari er det ikkje så nøye kva type nøtter og frø ein har i blandinga, så lenge blandingsforholda er dei same. Det viktigaste når du lagar denne muslibaren er at du faktisk koker fløte og honning til den har rett temperatur. Om den ikkje blir kokt lenge nok, vil ein kunne oppleve at muslibaren ikkje heng saman. Det skjedde med meg fyrste gongen eg laga den, men eg kan garantere at den smakte akkurat like godt!

Når muslibaren er kald må du gjerne dyppe den i mørk sjokolade. Då smeltar du sjokolade i vannbad, sakte og forsiktig. Dypp så overflata av muslibaren i sjokoladen og legg den på eit bakepapir for å stivne. Oppbevar godsakene i lufttett boks eller pakk dei inn i cellofan og gi dei vekk i gåve. Dette er eit supert gåvetips fram mot jul. Eller kva med å overraske gode kollegaer med noko søtt og godt til lunsj ein førjulsdag?

Det verste med å vere matbloggar om vinteren, er at det knappast er nok dagslys til å ta gode bilete. Det er mørkt når eg reiser på jobb og mørkt når eg kjem att. Det var difor svært kjekt å ha ein førjulssøndag til å lage litt mat og godsaker og kunne nytte seg av det fantastiske vintervèret.

Det er bra vi ikkje har så mange naboar, for eg trur dei hadde stussa om dei såg kor eg heldt på i dag… Eldstemann og ein kompis bar ut ei gammal dør til meg som dei la i vegkanten rett ned om huset vårt. Der rigga eg meg til med ymse matslag eg hadde laga i dag og så låg eg på kne med eit snowboard til sitteunderlag. Rett bort om meg stod husbonden og polerte bil. Det var litt av eit skue!

Her er eit lite «behind the scenes»-bilete som eg tok medan eg held på (tatt med iPhone 4s):

Ynskjer alle ein god søndag vidare!

Biletet er Annemari Erlbeck har eg lånt her


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukost, Frukt, Ingrediensar, Jul, Smårettar, Søtt og godt, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , , | 5 Kommentarer

5 Responses to Muslibar a´la Erlbeck

  1. Beate sier:

    Nam, dette så godt ut? Må de ligge i kjøleskap når de er ferdige? Og vet du hvor lenge de er holdbare? (selv om det kanskje ikke blir noen problemstilling, de blir vel fort spist opp..)

  2. Gro sier:

    Kjæresten min er allergisk mot nøtter og derfor spiser ikke jeg heller nøtter. Kan man bruke havregryn isteden?

    • Tove sier:

      Hei Gro! Du kan bytte ut 100 g nøtter med nesten kva som helst! Det kan godt vere havregryn, eller så tek du berre meir av dei andre ingrediensane. Lukke til!

      ToveHD

  3. Ann-Christin sier:

    Denne så god ut men jeg er dessverre allergisk mot melk/meieriprodukter, så fløte passer dårlig i min diett. Er det mulig å erstatte fløten med kokosmelk eller noe annet? Hva er funksjonen til fløten i denne oppskriften?

    • Tove sier:

      Hei Ann-Christin! Tusen takk for kommentar! Eg har ikkje prøvt å lage dette utan fløyte, så eg er usikker på kva eg skal svare. For smaken si skuld, så kan det godt hende du kan bruke kokosmjølk. Men det kan hende det går ut over konsistensen. Dersom du byttar fløte ut med kokosmjølk kan det hende du kan ha i litt sirup for å sikre den litt seige konsistensen. Kan rismjølk også vere eit alternativ? Eg skal snakke litt med ein matbloggkollega og så evt kome tilbake til deg med eit betre svar!

      ToveHD

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *