Inspirasjonshelg med «Matbloggerne»!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Når ein er glad i mat og oppteken av mat er det ingenting som er betre for ein matbloggar enn å få vere i lag med likesinna! I helga har eg vore i lag med «Matbloggerne» og matprat.no i Oslo. Fredag var eg på besøk i Mathallen og fekk oppleve bloggkollega Hobbykokken i full sving med Sous Vide-maskinene! Det var stinn brakke i  Sous Vide-butikken og det vanka sjølvsagt fantastiske smaksprøver!

Laurdag fekk vi overraskande besøk i TV-kjøkkenet til matprat.no! Etter ein god kaffi og fantastisk dessertbrød stod sjølvaste Annemari Erlbeck og smilte til oss! Annemari er konditor og har vunne det som er av prisar, m.a. NM-tittelen i Konditorkunst, ho er på konditorlandslaget og var utteken for å vere med kokkelandslaget til kokke-OL i år. Og på laurdag hadde ho funne eit lite smutthol som gav henne tid til å vere litt i lag med oss i «Matbloggerne».  Ho hadde med seg eit knippe oppskrifter som ho meir enn gjerne delte med oss, samt at ho delte teknikkar og kunnskap om smelting av sjokolade (ja, for det er nemleg ein heil vitenskap!).

Her ser du ein lydhør gjeng som vil ha med seg alt som er å vite om sjokolade! Bloggarane på biletet er Anne Brith med «Villa Perlesukker», Zaid med «For all del», Runar med «Charls.no», Annemari og Ingunn med «Min middag».

Her er det Trine med «Trines matblogg» og Olav med «Hobbykokken» som i lag med meg skulle ha ansvar for å lage tidenes beste muslibar. Her er vi på det mest kritiske punktet, når fløte og honning-blandinga har perfekt temperatur og skal blandast med dei øvrige ingrediensane!

Anne Brith, Anne Cathrine med «Enestående mat», Ingunn og Zaid er i full gang med heimelaga karamell!

Etter eit intenst minikonditor-kurs var vi på Smalhans og åt lunsj. Smalhans er ein ny bydelsrestaurant som på kort tid har opparbeidd seg godt rykte og fått gode kritikkar. Men så er også Tom Victor Gausdal, Stian Floer og Karla Siverts nokre av namna bak konseptet. Smalhans har fokus på gode råvarer og alle menyane er nøye komponert. Eg åt krøsustallerken som var sett saman av ulike småretter med både norske og internasjonale smakar. Og med eplemost frå Ringi (Øvre Ringi Gård) var måltidet komplett!

Stian Floer sørga for at vi til ei kvar tid hadde det vi trengte – servicen var upåklageleg!

Laurdag kveld åt vi middag på Von Porat på Mathallen. Etter alle lovorda restauranten har fått etter opninga, hadde vi store forventningar måltidet. For Von Porat er ikkje berre ein restaurant med god mat. Særdeles god mat. Her har dei fullt fokus på gastronomi! Vi fekk servert ein 5-rettar og uansett kva vi åt så ropte maten «nordisk gastronomi»! Det var nesten som ein kunne smake skogen, naturen, bålet og bølgene. Dette var inner-10´ar for meg! Kanskje litt rart for enkelte at konfekten bestod av av m.a. tinnved og marengs med kvite rognebær og at desserten var ein kombinasjon av pastinakkpurè, marengs og gulrot – men eg syntest det smakte himmelsk! Favoritten min var likevel retten som inneheldt dagens fisk. Vi fekk servert kveite med løk og grønsaker og ord kan ikkje beskrive kor godt det var! Dette skriv dn.no om kveiteretten på nettsida si 9. desember: «Dagens fisk kom på et fargerikt, felles fat. Gyldne, syltede kantareller, rosenkål med stekeskorpe, små sjalottløk og en persillepuré skjulte et stykke kveite. Kveiten var fin, men grønnsakene var virkelig høydepunktet på det sjarmerende fatet.» Les gjerne heile omtalen i dn.no her.

Anne Cathrine, Lars med «Lars spiser, drikker & synser», Runar, Trine og Ingunn både smakar og synsar kring bordet!

Tusen takk for ei fantastisk helg, kjære «Matbloggerne»! Nok ein gong har vi løfta matpraten mellom oss til nye høgder! Til slutt må eg rette ei stor takk til ho som har gjort alt mogleg; ODA med bloggen «Odas blogg»! Du har ordna og styrt i lange tider for at vi skulle få ei fantastisk helg – og det fekk vi! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ingrediensar, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to Inspirasjonshelg med «Matbloggerne»!

  1. Jeanette sier:

    Wow! Dette så ut som det flotteste «julebord» av alle. Sammen med den gjengen! 🙂 Jeg følger med på bloggene deres via Matbloggsentralen. Alltid noe spennende å lese, og prøve på. Nå gleder jeg meg til jul og litt fri, og kanskje litt tid til å lage ekstra god mat i romjulen. Ha en superfin jul. KLem Jeanette 🙂

  2. Tilbaketråkk: Trykkoking på DinSide.no | Hobbykokken.no

  3. Tilbaketråkk: Fløtekarameller | Hobbykokken.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *