Rundstykker med brunost i deigen!

9 Flares Twitter 0 Facebook 9 Pin It Share 0 Filament.io 9 Flares ×
Print Friendly

Av og til blir ungane rett og slett lei brødskiver i matpakken. Då er det ekstra godt å kunen friste med grove matpakkerundstykker med raspa brunost. Eg brukte ei heilt vanleg oppskrift på grove rundstykker, og så tilsette eg raspa brunost. Dersom du har ei favorittoppskrift kan du sjølvsagt bruke den, eller så kan du lage denne:

6 dl sammalt kveite

6 dl kveitemjøl

50 g gjær

1/2 ts salt

5 dl vatn

2 ss olje

Raspa brunost

Bruk denne oppskrifta som utgangspunkt, og så kan du tilsette det du likar. I dag hadde eg i litt linfrø. Bland alle dei tørre ingrediensane i lag med gjær og salt. Rasp kjøleskapskald brunost med eit fint rivjern. Ta så mykje brunost som du vil.

 

Tilsett passe temperert vatn og olje. Bruk kjøkkenmaskin og elt deigen godt. Det blir best resultat om du eltar deigen i om lag sju minutt. Eg har ei gammal kjøkkenmaskin som eg har arva etter farmor. Den er sikkert meir enn 30 år gammal. Visse ting tyder på at den kanskje har tenkt å pensjonere seg snart, så om nokon har veldig lyst å sponse meg med ei flunkande ny Kitchen Aid, så er det sjølvsagt høve til det, he, he!!!

Etter at deigen er elta godt, dekkjer du bakebollen med plast eller lokk. Hev til dobbel storleik. Trill ut rundstykka og hev på nytt. Steik på 250 grader i ca 12 minutt. Sjekk undervegs slik at dei ikkje blir brent. Dersom du treng meir tid, så gir du dei 1-2 minutt til.

Dersom du vil ha litt ekstra god bakst i frysaren til jul, så vil eg absolutt anbefale desse rundstykka; nydelege å ta opp til frukost, gode å ta med ut på romjulstur og super til ein god kopp kakao ein kald romjulskveld!

Det er kanskje ikkje så vanleg med raspa brunost i gjærbakst, men det er faktisk veldig godt. Det er også ein super måte å få brukt opp restar av brunost. Du veit, desse litt for lave brunost-restane som ein ikkje klarer å skjære med høvel; rasp dei opp og bruk dei i deigen!

Ingenting er som eit godt glas mjølk til rundstykker med brunost!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Tips og idèar | Tagged , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Rundstykker med brunost i deigen!

  1. Randi Holden sier:

    Hei dette var en kjempefin blogg, rundstykker med brunost skal prøves.
    Jeg har en matblogg selv, men er en amatør på blogging ennå. Jeg er utdannet kokk er veldig opptatt av mat. Så jeg kommer nok til å følge med på bloggen din. Ha en fin adventstid 🙂

    Randi

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *