Marinert ost – smakfull julegåve!
Smakfulle juleåver er alltlid populært. Det er mykje godt å kjøpe i butikkane, men det er noko ekstra med det ein lagar sjølv. Denne oppskrifta er veldig enkel å lage og veldig kjekk å få, for den kan brukast til så mykje! Marinert ost er supert på tapasbordet, i salaten, til ost og kjeks eller berre å sitte å småspise i lag med eit godt glas raudvin eller god gløgg.
Dette treng du (nok til ca 3-4 små glas):
3 dl olivenolje
1 dl kvitvinseddik
300 g fast kvitost (cheddar, vellagra Norvegia eller annan ost)
4 soltørka tomatar i små bitar
2 ss hakka grilla raud paprika (grill sjølv eller kjøp ferdig på glas)
4 kvitløkfedd (delt i to)
1 ts heile peparkorn (gjerne fleirfarga)
15 grøne oliven
1 raus ss finhakka basilikum.
Slik gjer du det:
Skjær osten i små terningar og bland alle ingrediensane. Du kan gjerne prikke nokre av ostebitane for å hjelpe marinaden med å trekke godt inn. Dersom du vil ha litt fart i marinaden, kan litt av olivenoljen kan godt byttast ut med chiliolje. Ha osten på fine glas, pynt med sløyfe eller band og til/frå-lapp. Skriv gjerne oppskrifta på baksida av lappen!
Osten kan stå i lukka glas i kjøleskapet i nokre veker. Etter at du har opna må det framleis stå i kjøleskapet og bør etast innan 5-6 dagar. Pass på at osten er temperert før du serverer den!
Du må sjølvsagt passe på å ha litt ekstra som du kan kose deg med ein førjulskveld!
Dersom du treng fleire gåvetips som kan etast, så vil eg anbefale ein tur innom matprat.no sitt magasin (“Jul 2012”) der vi Matprat-bloggarane har kome med gode idèar til etande julegåver! Klikk her for å kome rett til oppskriftene!
Nam! Ser veldig godt ut 🙂