Julemodus
Sakte, men sikkert kjem dei gode julekjenslene smygande innover kjøkkenbenken min. Stadig oftare dukkar det opp idèar til nye ting eg kan lage til jul, samstundes som eg planlegg å lage dei tinga eg alltid har laga. Og så tenkjer eg sjølvsagt på kva eg lage og gi vekk i julegåve til kjende og kjære! Etande julegåver er alltid populært!
Ein liten gråpapirpose med ei heimelaga matjulegåve i er midt i blinken som julegåve til gode vener! Det blir garantert sett pris på!
Marinert ost er fint å gi vekk til matelskarar. Oppsrkift kjem på bloggen litt seinare i november. Marinert ost passar supert til ost og kjeks, på tapasbordet eller til å kose seg med i lag med eit glas god raudvin.
Heimelaga tyttebærsyltetøy med stjerneanis er også ei fin gåve å gi vekk. Kjøpe fine, små glas som du har sylta på, lim på ein heimelaga etikett eller lag ein fin lapp og heng på – og VIPS så har du ei flott julegåve!
Desse julekakene er også fine å gi vekk. Dei vert kalla både brune pinnar, kolapinnar og karamellpinnar. Gå på loppemarked, bruktbutikkar eller i mormor sin kjellar og leit etter gamle Norgesglas. Dei er super å gi vekk i gåve – særleg om det er søte kaker i dei!
Desse julekakene laga eg allereie i juni på oppdrag frå Foreldre og Barn sitt juleblad “Barnas jul”. Der har eg og seks andre bloggarar delt søte og gode fristelsar med lesarane. “På kjøkkenbenken”-dama gler seg til 19. november, for då kjem “Maison Mat og Vin” sitt julenummer og der er det intervju med meg – spennande….
Sånn ser det ut når “På kjøkkenbenken” er på trykk i media!
Har du gode idèar til spiselege julegåver? Eg tek i mot forslag med stor takk!
Pingback: Karamellpinnar | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål