Smørbrød med indrefilèt av lam

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

I haust var eg så heldig å få lære meg å beine ut eit lammelår av sjølvaste Bjørn Tore Teigen, med den flotte tittelen Diplompølsemakermester! Han jobbar i matprat.no og i tillegg til å vere kjøtvareansvarleg er han matprat.no sin store grillmeister. Men tilbake til lammet. Eg har aldri likt lam. Både lukta og smaken har bydd på store utfordringar for meg. Eg hadde sett fram til desse «lammedagane» hos matprat.no med blanda kjensler, men då eg stod i studiokjøkkenet deira med eit digert lammelår i hendene – då vart eg rett og slett frelst!  Vi lærte oss å beine ut lammelåret og lærte oss kva vi kunne bruke dei ulike delane av låret til. Når eit lammelår er ferdig partert, så står ein gjerne att med ein liten del som ein kanskje ikkje heilt veit kva ein skal bruke til. Den vesle kjøtbiten er rett og slett ein indrefilèt og må for all del ikkje kome vekk!

Eg tok utfordringa med å finne ut noko godt å lage av indrefilèten og tenkte at eit smørbrød rikt på gode smakar måtte vere midt i blinken!

For å lage dette nydelege smørbrødet treng du (til ein person):

Ein indrefilèt frå eit utbeina lammelår

Ei stor skive med godt brød (gjerne med mykje korn og gode smakar)

To passe tjukke skiver med god brie

Eit fedd kvitlauk

Akasiehonning

Salt og pepar

Godt smør (gjerne Rørossmør)

Ei ts tyttebærsyltetøy (du finn ei super oppskrift på det her)

God oliven olje til steiking av brødskive

Ein kvast rosmarin til pynt

Slik gjer du det:

Ha god olje i steikepanna (bruk gjerne ei grillpanne) og sprøsteik brødskiva på begge sider. Ikkje bruk for høg varme. Bruk god tid slik at brødet vert gyllent og sprøtt. Når skiva er ferdig deler du eit skrella kvitlauksfedd i to og gnir feddet over toppen på brødskiva. Legg brødet til side, gjerne på ei rist.

Del den vesle indrefilèten i passe små bitar og steik den i godt smør på panna. La kjøtet få god steikeskorpe og fin farge, men pass på så det ikkje blir brent. Skru ned varmen når du ser at kjøtet har fått fin farge og la det surre litt til i panna. Krydre med salt og pepar. Når kjøtet er ferdig legg du det til side på ein tallerken.

No er det klart for å montere smørbrødet. Start med å ha litt tyttebærsyltetøy på brødskiva (dersom du ikkje er glad i tyttebær kan du droppe det). Legg over brie og risle raust med akasiehonning over. Legg på kjøtstykka på toppen og pynt med rosmarin.

Smørbrødet er no klart til å nytast! Dette er skikkeleg god comfort food på ein kald vinterskveld eller lunsj på ein lat søndag. Lag gjerne fleire smørbrød og inviter gode vener på ein liten matbit! Dersom du ikkje har lammelår og høve til å beine det ut og få fatt i indrefilèten, så kan også andre kjøtstykke av lam brukast.

Dette er eit smørbrød med reine, gode smakar. Det er viktig å hugse på at små og «uviktige» kjøtstykker kan brukast til t.d. å lage eit smørbrød. Nyt!

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Haustmat, Ingrediensar, Middag - kjøt, Smårettar | Tagged , , , , , , , , , , , | 7 Kommentarer

7 Responses to Smørbrød med indrefilèt av lam

  1. AC sier:

    Detter ser bare sykt godt og smakfullt ut, Tove! Så bra at du endelig er kommet over lammefrykten. Det lover godt for oss andre 😉

  2. Hei, Tove!

    Bra innlegg, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    Hilsen Magne i VG

  3. Katrine sier:

    Det smørbrødet høres helt fantastisk ut. Går med en lignende plan i magen. Indrefilet av lam og smørbrød, men jeg heller mot kantareller, rosenkål og myntegele. Planlagt til fredag, og kanskje vi må lage en versjon med brie og honning også….

  4. Ragnhild sier:

    Her er smørbrødet ditt jo! Var ordentlig godt!! -Og så gøy at helga fikk frem de lekreste lammerettene i deg:)

    • Tove sier:

      Magnus, Bjørn Tore, medbloggarane mine og dyktige matprat-folk klarte å overbevise meg om at lam er nam! Vart laga mykje spennande den helga og eg likte alt!

  5. Trine sier:

    Wow, det ser aldeles nydelig ut. Enkelt og fantastisk. Sånne bilder gjør meg glad:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *