Mormor sine fiskekaker

1 Flares Twitter 0 Facebook 1 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

Det er kanskje ikkje så mange som lagar sine eigne fiskekaker lenger. For det fyrste trur ein kanskje at det lang tid, at ein er avhengig av fersk fisk og at det er vanskeleg. Det er likevel ingenting som smakar så godt som heimelaga fiskekaker. Eg har teke vare på mormor si oppskrift og den brukar eg kvar gong eg lagar fiskemat. Det er sjølvsagt aller best å bruke fersk fisk, men sjølv om eg er matentusiast  så er det ikkje alltid sjølvfiska fisk eg brukar. No har eg heldigvis funne ei super løysing; Strøm Torsk Belly Loin. Dette er ein litt rimlegare variant av dei tidlegare Strøm Torsk-produkta og er frå buken på fisken. Fisken er så fersk som det går an og er ein slags Salma-variant for torsk. Dette er super fisk å lage fiskekaker av. Mange brukar kanksje å blande ulike fiskeslag når ein lagar fiskekaker, men fiskekakene som er laga av torsk er  fantastisk gode!

Mormora mi, Edith, var flink å lage mat. Ho laga alltid alt frå botnen av og ho brukte av råvarer som ho hadde rundt seg. Bestemorhuset var ein liten gard eit steinkast frå sjøen, så dei var sjølvforsynte med både grønsaker, frukt, bær, fisk og kjøt. Når mormor laga fiskekaker blanda ho stort sett fleire sortar fisk; torsk, lyr og hyse. Oppskrifta eg deler med dykk i dag er ei tradisjonell farseoppskrift som eg har fått med mormora mi. Det fine med denne er at den er god som den er, eller du kan variere med å tilsette smakar som du måtte like, t.d. grasløk, kvitløk, pepar, soltørka tomat etc – det er berre fantasien som set grenser!

Her lagar eg mormor sine fiskekaker på Onda Restaurant på Aker Brygge! Trur nok heilt sikkert mormor hadde vore kry om ho visste det!

Dette treng du for å lage ein fiskekakemiddag til fem:

250-300 g Strøm Torsk Belly Loin

2 1/2-3 dl heilmjølk

1 ss potetmjøl

1 ss kveitemjøl

1 ts salt

litt muskat

¼ stor løk, finhakka

(oppskrifta kan godt doblast om du lagar til mange)

Slik gjer du det:

Bruk kjøkkenmaskin og køyr fisken litt før du har i resten av ingrediensane. Putt alt i på ein gong og køyr til du har fått ein smidig og fin farse. Når det gjeld mjølka så kan du ha i 2 ½ dl til å byrje med og evt regulere med resten av mjølka om du meiner farsen vert for kompakt. Smak gjerne på farsen før du steikjer den og kjenn om den er passe salt. Farsen må ikkje vere for laus.  Form små fiskekaker og steik i smør på middels varme.

Her er fiskekakene mine på veg ut av Onda for å verte fotograferte på bryggekanten!

Server med kokte poteter, grønsaker, smelta smør med grasløk og tyttebærsylte.

Om du er så heldig å ha tyttebær i frysaren, kan du enkelt lage di eiga tyttebærsylte:

Heimelaga tyttebærsylte med stjerneanis (les gjerne om denne tyttebærsylta på innlegget her)

Kok opp 1 dl sukker, 1 dl vatn og ein stjerneanis. Kok til det tjuknar.

Legg  1-2 dl tyttebær i sukkerlaken og rør godt. Dersom det blir for tjukt, kan du ha i litt kokande vatn. Rør godt. Mos gjerne lett med ein gaffel. Ta ut stjerneanisen før servering og legg den på toppen av sylta når du serverer.

Eg er så heldig at eg har fått samarbeide med Strøm Torsk og prøvt produkta deira. Det var dette samarbeidet som gjorde at eg fekk vere  på Onda Restaurant på Aker brygge og lage mat for meisterkokk Terje Ness. Dersom du vil vite meir om Strøm Torsk kan du kike innom Facebook-sida deira her (lik den gjerne) eller besøk heimesida deira her.

Kik gjerne på videoen vi laga!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - fisk | Tagged , , , , , , , , , , , , , , | 6 Kommentarer

6 Responses to Mormor sine fiskekaker

  1. Bra blogg, Tove!

    Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til http://vg.no

    Er det noen som har tips om gode blogger jeg bør anbefale så send meg en link på magne.antonsen [æ] vg.no Vil du ha flere tips om gode blogger kan du følge Lesernes VG på http://www.facebook.com/lesernesvg og http://twitter.com/lesernesvg

  2. odd wilmann sier:

    Fiskekaker er per definisjon laget av kolje (hyse).
    Andre kaker har benevnelse med fiskesorten i navnet f.eks. Torskekaker, Seikaker, Steinbitkaker, Sildkaker osv.
    Slik har det i hverfall alltid vært i Nord-Norge.

  3. Kjell sier:

    Fiskekaker som nevnt her, kan lages av restfisk ved å tilsette 1 til 2 egg pr 500 g fisk. Bruk gjerne 1/2 part rå fisk og en 1/2 part kokt/rest fisk. ha i en båt hvitløk å litt timian sammen med muskatten. Bruk muskattnøtt i stedet for revet muskatt. Husk at hyse (KOLJE) skal ikke være fersk, når du lager fiskekaker. Hyse er best til fiskekaker når den begynner å lukte, tegnet er at den blir slapp i skinnet. Når du trykker i fisken, skjer det samme som på et hevet brød, det blir en grop i fisken som blir stående. Da blir fiskekakene gode. Men hysen skal ikke lukte råtten, da er det søppel, ikke mat. Prøv kokt gammel lettsalta hyse med persillesmør kokte gulrøtter og potetmos. (hjemmelaget med bakonbiter i.

  4. Tamara sier:

    Lager sjelden fiskemat selv, det burde man gjøre oftere igrunn – bedre og billigere, og egentlig ikke så vanskelig 🙂 Det var mormor som lagde fiskemat i min oppvekst også, gode minner (selv om jeg var mindre glad i fisk som barn, haha). Takk for et inspirerende innlegg!

  5. Støvkorn sier:

    Mmm,ser veldig godt ut, men jeg må ha det inn med teskje, skal fisken være ferdig kokt før blanding eller rå?

    • Tove sier:

      Hei – og takk for kommentar! Fisken skal vere rå når du lagar fiskekaker eller annan fiskemat. Det er berre å prøve! Det er så lett og blir så godt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *