Krydderkake med sjokoladeglasur

8 Flares Twitter 0 Facebook 8 Pin It Share 0 Filament.io 8 Flares ×
Print Friendly

Kjær kake har mange namn og sånn er det også med kake eg skriv om i dag. Det er ei krydderkake med surmjølk, og den vert kalla både dugnadskake, skulekake, avslutningskake og mykje meir. Det fine med denne kaka er at den er uten egg.

DETTE TRENG DU  (langpanne):

150 g smør

8 dl kulturmjølk

5 dl sukker (kan med fordel ta litt mindre)

3 ts kanel

1 ts nellik, malt

1 ss natron

ca 10 dl kveitemjøl

SLIK GJER DU DET:

1. Smelt smøret og bland i mjølka. Rør inn resten av ingrediensane til ei klumpfri deig.

2. Legg bakepapir i botnen av ei langpanne, 30 x 40 cm. Smør kantane rundt med smør.

3. Hell røra over i panna og steik kaka ved 200 grader i 25-30 minutt. Kjenn med ei kakenål om kaka er gjennomsteikt.

4. Avkjøl på rist. Skjær kaka i passe store bitar før servering.

Kaka kan serverast akkurat som den er, eller du kan gi den eit melisdryss. Eg laga sjokoladeglasur på kaka denne gongen.

Når eg lagar glasur går det stort sett på ein slump, altså utan å bruke oppskrift. Hovudingrediensane er: smelta smør, pittelitt sterk kaffi, melis, kakao, vaniljesukker. 

Ha smelta smør over i melis, kakao og vaniljesukker. Spe med litt kaffi. Rør godt så du får ein smidig og passe tjukk konsistens.

Det er rart kor mange minne som knyttar seg til mat. Tidlegare skreiv eg om barndomsminne knytt til heimelaga pizza, og i dag er det minne knytt til krydderkake som kjem strøymande. Eg tenkjer på venninna mi i nabohuset. Når eg tenkjer tilbake no, så hadde dei alltid krydderkake ståande i ei langpanne i den kalde steikomnen. Om vi var litt søthungrige eller svoltne, så lista vi oss inn på kjøkkenet og forsynte oss med kake. Mor hennar sa aldri nei og vi kunne sette oss ned ved kjøkkenbordet og kose oss med den gode kaka. Eg kan hugse kor rart det var å sitje i solsteiken og ete kake som smakte jul. Og i går var det jentene som kom i selskap til storejenta mi som kosa seg med dei gode smakane og brått kom på at dei gledde seg til jul!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Jul, Kaker | Tagged , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Krydderkake med sjokoladeglasur

  1. Tamara sier:

    Bestemoren min laget en tilsvarende kake, som jeg drømmer om den dag idag – og siden hun ikke er på nett, så er det flott at noen legger ut oppskriften på herligheten her 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *