PIZZALYKKE!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Eg gløymer aldri pizzaen mamma laga til oss då vi var små. Det var nyskapande, eksotisk og spennande. Det var ikkje snakk om så mange ingrediensar; det var deig, ketchup på botnen, pølser i bitar og litt ost på toppen. Og om ein var i det vågale hjørnet kunne ein alltids ha på oregano. Vi åt med andakt og stor begeistring, ja, det var nesten høgtid i stova.

Så går åra. Vi reiser meir, les meir, smakar meir og eksperimenterer meir. Pølsene vart bytta ut med kjøtdeig og ketchupen vart bytta ut med pizzafyll på pose eller ferdig saus frå glas. Vi drista oss kanskje til å strø over litt hakka løk før steiking, sjølv om nokre rynka litt på nasen av det. Men pizzaen vart akkurat like god og det var stor stemning i stova.

No er det eg som er vaksen og skal formidle pizzaglede til ungane våre. Det er fint med tradisjonar. Hos oss er det viktig med slike tradisjonar. Men vi har teke pizzaen nokre steg lenger. Vi har drista oss til med fyll av ulikt slag; kjøtdeig, skinke, bacon, gode pølser, serranoskinke og kylling er noko av det vi varierer med. Og så må vi fylle på med litt av det ein elles har i kjøleskapet.

I dag hadde vi lyst på pizza, men måtte lage ein enkel og kjapp variant. Eg skulle omtrent rett frå jobb og på øvingshelg med koret, så då måtte det bli lynrask pizza til gjengen!

LYNKJAPP PIZZA MED KVIT SAUS OG SERRANOSKINKE

Til seks personar treng du:

1 pakke frosne pitabrød

1 beger creme fraiche

1 fedd kvitløk

1 pakke serranoskinke

500 g riven ost

cherrytomatar

raud løk

grovkverna peppar

Slik gjer du det:

Legg pitabrøda på ei bakepapirkledd langpanna. Legg «finesida» ned.

Finhakk kvitløk og bland det i begeret med creme fraiche. Smør raust med creme fraiche på pitabrødet.

Legg på tomtar i skiver, røk i ringar eller mindre bitar, fordel over serranoskinka. Strø over ost og ha på grovkverna peppar.

Steik i omnen på 225 grader i 15-17 minutt. Følg med på steikinga undervegs.

PYNT GJERNE MED LITT EKSTRA GRØNT FØR SERVERING!

 

Det er litt andre ingrediensar på pizzaen no enn det var i «gamle dagar» då deg vaks opp. Men den gode stemninga er likevel den same og pizzaen smakar alltid like godt. Det er rart eg ikkje blir lei pizza…Men når eg tenkjer på at kor mykje ein kan variere ein pizza, så blir det aldri kjedeleg!

 

 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Pizza | Tagged , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to PIZZALYKKE!

  1. Tilbaketråkk: Krydderkake med sjokoladeglasur | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *