Italiensk haustsuppe

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Oppskrifta på denne suppa har eg funne på ein amerikansk blogg, «Yummy Mummy Kitchen». Den smaksrike og gode suppa heiter eigentleg Harvest Pasta e Fagiole Soup og er full av smakar frå «markens grøde». Det beste med denne suppa er at den tek relativt lite tid å lage. Du må leite fram ingrediensane, skrelle og kutte – så rett i gryta. Eg brukar om lag ein halvtime på å lage denne suppa frå heilt frå botnen av. Eg brukte ei grov middagspølse i suppa, men den kan like gjerne lagast utan kjøt i det heile. Om du har ei god, italiensk pølse så set sjølvsagt det prikken over i´en!

Dette treng du (til seks personar):

1-2 ss extra virgin oliven olje (eller vanleg olivenolje)

1 liten gul lauk

2 gulrøter, skorne i terningar

2 stilkar stangselleri

1 stor søtpotet, skoren i bitar

1 ts salt

grovkverna peppar

1 boks hermetiske tomatar i bitar

1 ts oregano

1/2 ts timian

1/2 ts rosmarin

1 liter grønsaksbuljong

1 raus kopp minipasta (eg brukte små sløyfer)

1 pølse (kan gjerne vere ein grov type)

1 boks kidneybønner

1 boks bønner i tomat (ha boksa i ei sil  og skyll av tomatsausen)

Til garnityr før servering: grovhakka persille og riven parmesan

Slik gjer du det:

Varm oljen i ei gryte. Ha i løk, gulrot, stangselleri og søtpotet. Rør inn salt og peppar. La grønsakene surre til dei vert møre og gylne. Tilsett tomatar, oregano, timian og rosmarin – bland godt. Slå i grønsaksbuljongen og kok opp. Ha i pasta når suppa kokar. La pastaen koke så lenge som det står på pakken.

Når der er to minutt att av koketida til pastaen, har du i pølser, bønner og litt grovhakka persille. Smak til med meir pepar eller salt etter behov. Suppa er ferdig når pølsene er varme.

Server suppa rykande varm, pynt gjerne med ein liten kvast frå stangsellerien og med mykje god parmesan på toppen! Flatbrød er naturleg tilbehør til slik mat!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Supper | Tagged , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Italiensk haustsuppe

  1. Bollefrua sier:

    Oj, oj, oj.. Dette er comfortfood på høyt nivå. Gleder meg til å prøve denne. 🙂 Ha en fortsatt fin uke!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *