Strøm Torsk – ein liten smakebit!
I vår var eg så heldig å få samarbeide med Strøm Torsk om lansering av det nye produktet deira, “Strøm Torsk – Belly Loin”. Vi var nokre bloggarar som fekk vere med og lage mat på kjøkkenet til mesterkokken Terje Ness på Onda Restaurant, Aker Brygge.
Bloggarane skulle lage mat og kokkane skulle smake. Det var både spennande og nervepirrande å vere med på dette, men for ei fantastisk oppleving! Medan vi stod på kjøkkenet og laga mat var det ein fotograf som tok med seg maten vi laga og fotograferte den ute på brygga, ein som filma for å få materiale til ein reklamefilm og mesterkokkar som svinsa rundt og småprata, lukta og smakte.
Denne veka blir det altså fisk på menyen på kjøkkenbenken hos oss og eg skal legge ut dei to oppskriftene som eg laga; fiskekaker og fish & chips. Medan du ventar på oppskriftene kan du kose deg med denne videoen så lenge!
Dette seier Strøm Torsk på heimesida si:
STRØM – DET NYE NAVNET PÅ FERSK TORSK
Dette er STRØM®.
Det nye navnet på fersk torsk.